Utløpt

Rådgjevar/førstekonsulent digital formidling

Arbeidsgiver
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Stillingstittel
Rådgjevar/førstekonsulent
Sted
Leikanger
Frist
Frist utløpt
Varighet
Vikariat


Rådgjevar/førstekonsulent digital formidling – vikariat 

Som rådgjevar/førstekonsulent vil du få jobbe med digital kulturformidling i fylkeskommunen, rettleie medarbeidarar innan kulturområdet og jobbe med «Skulen min», som er eit samarbeidsprosjekt med Fylkesarkivet. 

Arbeidsoppgåver vil vere:

  • Digital formidling på heimeside, sosiale medium, samt ulike regionale og nasjonale kanalar som til dømes GeoAtlas, Wikipedia, LokalhistorieWiki, ut.no, m.m. 
  • Kurs i bruk av ulike digitale løysingar, samt i bruk at digitalt foto
  • Oppfølging av prosjektet «Skulen min» og www.skulenmin.no 
  • Redaksjonelle oppgåver innafor kulturfeltet på www.sfj.no
  • Oppfølging av kulturnett, kulturblogg og kulturkalender på www.sfj.no
  • Oppfølging av fylkeskommunen si fototeneste, imageshop, for kulturfeltet
  • Digitalt formidlingsarbeid i samarbeid med fylkesarkivet, fylkesbiblioteket og musea i fylket
  • Støttefunksjon for medarbeidarar på kulturfeltet og internskulering
  • Digital historieforteljing
  • Oppfølging av frivillige i heile fylket

Det fylgjer med ein del reiseverksemd i stillinga. 

Vi krev: 

  • Minimum bachelorgrad innanfor humanistiske fag, relevante samfunnsvitskaplege fag eller tverrfaglege kulturstudium
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Kjennskap til bruk av sosiale medium

Vi vektlegg: 

  • Interesse for digitale verktøy, digital formidling og tidsaktuelle medium
  • Erfaring frå prosjektarbeid
  • Erfaring frå informasjons- og kommunikasjonsarbeid
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre 
  • Kjennskap til enkel foto- og videoredigering 
  • Interesse for fagfelt innafor kultur 

Vi kan tilby: 

  • Løn etter avtale 
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid 

Stillinga er ledig frå november 2017, og varigheita på vikariatet er ca. ni månader. 

Fylkeskommunen nyttar nynorsk. Arbeidsstaden er Fylkeshuset på Leikanger. 

På heimesida vår: http://www.sfj.no finn du meir informasjon om fylkeskommunen. Nærare opplysningar får du hjå ass. fylkesdirektør Ingebjørg Erikstad, tlf. 415 30 941. 

Opplysningar om søkarane kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om å vere unnateke søkarlista. Søkar vil bli orientert om dette på førehand. Kopi av vitnemål og attestar tek du med deg til eit ev. intervju. 

Søknad sender du ved å nytte elektronisk søknadsskjema.

Søknadsfrist 20. august 2017. 

Om arbeidsgiveren

Sogn og Fjordane fylkeskommune kan tilby eit stort spekter av stillingar knytt til både tenesteyting og utviklingsoppgåver. Vi har ansvar for vidaregåande opplæring, kulturtiltak, tannhelse, samferdsle, fylkesvegar, næringsutvikling og regional planlegging. Vi har 1400 tilsette og eit årleg driftsbudsjett på 3 mrd. kroner.

Sektor
Offentlig
Sted
6863 Leikanger
Bransje
Offentlig administrasjon
Konsulent og rådgivning
Arkiv og bibliotek
Stillingsfunksjon
Rådgivning / Rådgivning
Konsulent / Konsulent

Nøkkelord

Formidling, Kultur, Fylkesarkiv, Rettleie

Rapporter svindel/regelbrudd

FINN-kode: 100696339

Sist endret: 24. jul 2017 09:47

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingebjørg Erikstad
Stillingstittel
Ass. fylkesdirektør
Telefon
415 30 941
Følg firma
26 følger dette firmaet

Rapporter svindel/regelbrudd

FINN-kode: 100696339

Sist endret: 24. jul 2017 09:47