Utløpt

Rådgjevar arkeologi

Arbeidsgiver
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Stillingstittel
Rådgjevar
Frist
20.08.2017
Ansettelsesform
Vikariat


Rådgjevar arkeologi – vikariat

Som rådgjevar arkeologi i nærings- og kulturavdelinga vil du få ansvar for oppgåver knytt til forvaltning av automatisk freda kulturminne i fylket.

Arbeidsoppgåver vil vere:

  • Sakshandsaming av arealplanar etter plan- og bygningslova og kulturminnelova
  • Organisering av arkeologisk registreringsarbeid
  • Skjøtsel og tilrettelegging av kulturminne
  • Formidlings- og rettleiingsarbeid
  • Prosjektarbeid i samarbeid med kommunar og andre eksterne aktørar

Det fylgjer med ein del reiseverksemd i stillinga.

Vi krev:

  • Hovudfag eller mastergrad i arkeologi
  • Erfaring frå arkeologisk feltarbeid
  • Førarkort for bil
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

Vi vektlegg:

  • GIS-kompetanse
  • Erfaring frå sakshandsaming
  • Interesse for utviklingsarbeid
  • Erfaring frå prosjektarbeid

Vi kan tilby:

  • Løn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid

Stillinga er ledig frå ca. 15. oktober 2017 og vikarperioden varer fram til ca. 15. oktober 2018.

Fylkeskommunen nyttar nynorsk. Arbeidsstaden er Storehagen Atrium i Førde.

På heimesida vår: http://www.sfj.no finn du meir informasjon om fylkeskommunen.

Nærare opplysningar får du hjå ass. fylkesdirektør Ingebjørg Erikstad, tlf. 415 30 941.

Opplysningar om søkarane kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om å vere unnateke søkarlista. Søkar vil bli orientert om dette på førehand. Kopi av vitnemål og attestar tek du med deg til eit ev. intervju.

Søknad sender du ved å nytte elektronisk søknadsskjema.

Søknadsfrist 20. august 2017

Om arbeidsgiveren

Sogn og Fjordane fylkeskommune kan tilby eit stort spekter av stillingar knytt til både tenesteyting og utviklingsoppgåver. Vi har ansvar for vidaregåande opplæring, kulturtiltak, tannhelse, samferdsle, fylkesvegar, næringsutvikling og regional planlegging. Vi har 1400 tilsette og eit årleg driftsbudsjett på 3 mrd. kroner.

Sektor
Offentlig
Sted
6800 Førde
Bransje
Arkitektur, areal og interiør,
Konsulent og rådgivning,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Arkitekt og planlegging / Arealplanlegger

Nøkkelord

Arkeologi, Rådgjevar, Prosjektarbeid, Arealplanar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingebjørg Erikstad
Stillingstittel
Ass. fylkesdirektør
Telefon
41 53 09 41
Følg firma
39 følger dette firmaet

6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 100572951
Sist endret 24. jul. 2017 09:23

Rapporter annonse