Utløpt

Rådgjevar/førstekonsulent samfunns- og arealplanleggar

Arbeidsgiver
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Stillingstittel
Rådgjevar/førstekonsulent
Frist
20.08.2017
Ansettelsesform
Fast


Rådgjevar/førstekonsulent samfunns- og arealplanleggar

I planstaben til fylkesrådmannen er det ledig stilling som rådgjevar/førstekonsulent innan fagområdet samfunns- og arealplanlegging. Planstaben er ein aktiv plan- og utviklingsaktør som saman med kommunane, statlege etatar, næringsliv og organisasjonar arbeider med plan- og utviklingstiltak i fylket.

Arbeidsoppgåver vil vere:

  • Regional planlegging der oppgåvene er knytt til å organisere og gjennomføre planprosessar, i samarbeid med statlege etatar, regionale instansar, kommunar og organisasjonar
  • Støttespelar og rådgjevar for kommunane ved kommunal planlegging
  • Vidareutvikle Planforum som eit viktig verktøy og møteplass
  • Bidra med handsaming og fråsegner til kommunale planar

Vi krev:

  • Mastergrad innan samfunns- og/eller arealplanlegging, ev. geografi, samfunnsgeografi eller landskapsarkitekt. Anna dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet

Vi vektlegg:

  • Erfaring frå arbeid med samfunns- og arealplanlegging på lokalt og regionalt nivå. Godt kvalifiserte nyutdanna vil òg verte vurderte
  • God kunnskap om plan- og bygningslova
  • Kunnskap om offentleg forvaltning
  • Interesse for regionalpolitikk og berekraftig utvikling
  • Prosesskompetanse
  • Gjennomføringsevne
  • Samfunnsengasjert
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne 

Vi kan tilby:

  • Løn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid
  • Hjelp til å skaffe bustad. Dekking av flytteutgifter

Fylkeskommunen nyttar nynorsk. Arbeidsstaden er Fylkeshuset på Leikanger.

På heimesida vår: http://www.sfj.no finn du meir informasjon om fylkeskommunen.

Nærare opplysningar får du hjå plansjef Synnøve Stalheim, tlf. 478 97 260.  

Opplysningar om søkarane kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om å vere unnateke søkarlista. Søkar vil bli orientert om dette på førehand. Kopi av vitnemål og attestar tek du med deg til eit ev. intervju.

Søknad sender du ved å nytte elektronisk søknadsskjema.

Søknadsfrist 20. august 2017. 

Om arbeidsgiveren

Sogn og Fjordane fylkeskommune kan tilby eit stort spekter av stillingar knytt til både tenesteyting og utviklingsoppgåver. Vi har ansvar for vidaregåande opplæring, kulturtiltak, tannhelse, samferdsle, fylkesvegar, næringsutvikling og regional planlegging. Vi har 1400 tilsette og eit årleg driftsbudsjett på 3 mrd. kroner.

Sektor
Offentlig
Sted
6863 Leikanger
Bransje
Arkitektur, areal og interiør,
Konsulent og rådgivning,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Arkitekt og planlegging / Arealplanlegger,
Rådgivning,
Konsulent

Nøkkelord

Arealplanlegging, Prosesskompetanse, Rådgjevar, Førstekonsulent, Samfunnsplanlegging

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Synnøve Stalheim
Stillingstittel
Plansjef
Telefon
47 89 72 60
Følg firma
39 følger dette firmaet

6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 100570154
Sist endret 24. jul. 2017 09:07

Rapporter annonse