Utløpt

Rådgjevar eksamen og analyse

Arbeidsgiver
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Stillingstittel
Rådgjevar
Frist
21.08.2017
Ansettelsesform
Fast


Rådgjevar eksamen og analyse

Fylkestinget har vedteke at vi skal ha den beste opplæringa i landet. Vil du vere med å utvikle denne? 

Fylkesdirektøren for opplæring har ledig ei rådgjevarstilling med hovudarbeidsoppgåver knytt til eksamen og analyse. 

I opplæringssektoren er det 12 vidaregåande skular med til saman om lag 1200 tilsette. 

Vi søkjer ein person som er utviklings- og løysingsorientert og analytisk anlagt, og som kan bidra til å vidareføre og vidareutvikle den gode kvaliteten vi har i vidaregåande opplæring. 

Hovudarbeidsområde: 

  • Planlegging og gjennomføring av eksamen for elevar og privatistar
  • Rådgjeving for privatistar om fag og eksamen
  • Samarbeide med dei vidaregåande skulane om eksamensavviklinga
  • Klagehandsaming 
  • Utskriving av vitnemål og kompetansebevis
  • Utarbeide, analysere, tolke og presentere statistikk

Det fylgjer med ein del reiseverksemd i stillinga, så det vil vere behov førarkort kl. B.

Vi krev: 

  • God kunnskap om, og minimum tre års arbeidserfaring frå vidaregåande opplæring 
  • Mastergrad innan pedagogikk, samfunnsfag, realfag, statistikk, økonomi eller tilsvarande. Anna dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet 
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Evne til å arbeide analytisk og systematisk
  • Gode datakunnskapar

Vi legg vekt på: 

  • Personlege eigenskapar og haldningar
  • Gode evner til kommunikasjon
  • Gode samarbeidsevner og evner til å arbeide sjølvstendig 
  • Erfaring frå eksamensarbeid i vidaregåande opplæring
  • Kompetanse i kvantitative og kvalitative metodar og analyse
  • Kjennskap til statistikkverktøy 

Vi kan tilby: 

  • Løn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstid
  • Tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Prøvetid på 6 månader
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Dekking av flytteutgifter etter nærare reglar

Kontorstad: fylkeshuset, Leikanger. 

På heimesida vår: http://www.sfj.no finn du meir informasjon om fylkeskommunen. 

Nærare opplysningar får du hjå konst. fylkesdirektør Tor-Einar Holvik Skinlo, tlf. 958 39 029 eller seniorrådgjevar Jørund Årdal, tlf. 416 31 280.

Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema.

Opplysningar om søkarane kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om å vere unnatekesøkarlista. Søkar vil bli orientert om dette på førehand. Kopi av vitnemål og attestar tek du meddeg til eit ev. intervju.

Søknadsfrist: 21. august 2017

Om arbeidsgiveren

Sogn og Fjordane fylkeskommune kan tilby eit stort spekter av stillingar knytt til både tenesteyting og utviklingsoppgåver. Vi har ansvar for vidaregåande opplæring, kulturtiltak, tannhelse, samferdsle, fylkesvegar, næringsutvikling og regional planlegging. Vi har 1400 tilsette og eit årleg driftsbudsjett på 3 mrd. kroner.

Sektor
Offentlig
Sted
6863 Leikanger
Bransje
Offentlig administrasjon,
Konsulent og rådgivning,
Forskning, utdanning og vitenskap
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Undervisning og pedagogikk / Veileder,
Analyse

Nøkkelord

Rådgjevar, Eksamen, Analyse, Planlegging, Rådgjevning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tor-Einar Holvik Skinlo
Stillingstittel
Konst. fylkesdirektør
Telefon
95 83 90 29
Kontaktperson
Jørund Årdal
Stillingstittel
Seniorrådgjevar
Telefon
41 63 12 80
Følg firma
39 følger dette firmaet

6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 100524506
Sist endret 24. jul. 2017 09:21

Rapporter annonse