FINNJobbSøkVestlandUllensvang
Kirurgisk og medisinsk post Odda sjukehus
Legg til som favoritt
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke
Fristen er utløpt

Helsefagarbeidar

Fast stilling ∙ Odda
  • Søknadsfrist 29.9.2026
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Pleie, omsorg og observasjon av pasienter ved kirurgisk og medisinsk post, oppfølging av lærlinger og deltakelse i oppgavedeling.

Kvalifikasjoner

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeider
  • Minimum 1 års erfaring som helsefagarbeider
  • Gode norskkunnskaper (minimum B2-nivå eller Bergenstesten)

Hva vi tilbyr

  • Opplæringsprogram og plan for kompetanseutvikling
  • Oppgavedeling med sykepleiere og mulighet for sertifisering i prosedyrer
  • Hjelp til å finne bolig
  • Mulighet for sletting av inntil 25 000 kr i utdanningsgjeld per år ved bosetting i Odda
  • Kartlegging av mulighet for 12-timersskift

Helsefagarbeidar – med fjord og fjell rett utanfor døra

🌟Velkommen til Odda – natur og kultur hand i hand!
Odda ligg omgitt av spektakulær natur, ein kulturby med aktivitetar året rundt. Bytt kø med Trolltunga og fjordar – eller ta ein tur på ski: Røldal Skisenter, berre 30 minutt unna, er blant dei mest snøsikre skianleggene i Norge. ⛷️❄️ Skisenteret er rekna som eitt av dei beste områda i Noreg for off-piste og frikøyring, med heile anlegget liggande over tregrensa. 

Kulturlivet i Odda byr på noko for alle, med festivalar som Sus og dus, litteraturfestival, Hardanger musikkfestival, internasjonal siderfestival og ei blueshelg. 🎶 Her får du ein kvardag der jobb og fritid balanserer perfekt.

🌟Om avdelinga vår
Her jobbar dyktige sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, legar, sekretærar og fysioterapeutar som saman skapar eit sterkt fagmiljø. Vi gir deg ei brei og verdifull erfaring.

Vi legg til rette for at du får bruke kompetansen din, sertifisere deg,  og samtidig utvikle deg vidare i samarbeid med sjukepleiarar og resten av teamet. Vi deler på oppgåvene. Du får vere med på oppgåver som til dømes å justere oksygenbehandling og følgje opp pasientar med veneflon (PVK). 

👉 Nysgjerrig på korleis det er å jobbe og bu i Odda?
Vi fortel gjerne meir om teamet vårt, fagmiljøet og moglegheitene som ventar. Ta kontakt med  Andreas eller Kristin for ein uforpliktande samtale.

Andreas - 📞 53651146

Kristin - 📞 53651013


💡Kva går jobben ut på?

Dine oppgåver inkluderer:

  • Observere og rapportere helseutfordringar, eller omsorgsbehov.
  • Gi pasienten god omsorg, pleie, informasjon og opplæring.
  • Følgje opp lærlingar.
  • Delta på kurs og fagsamlinger.

🎓 Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar.
  • Minimum 1-års erfaring som helsefagarbeidar.
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkjarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden.

👥 Kva ser vi etter hos deg

Vi søkjer deg som:

  • er oppteken av god pasientbehandling
  • tek ansvar og er sjølvstendig
  • trivst med å jobbe på tvers av fag og yrkesgrupper
  • bidreg positivt til arbeidsmiljøet

Personlege eigenskapar vert vektlagd

🏆 Kvifor skal du velje oss?

Desse fordelane får du ved å jobbe hos oss:

  • eit utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit spanande fagmiljø
  • eit godt innarbeida opplæringsprogram og plan for kompetanseutvikling
  • oppgåvedeling med sjukepleiarar – og moglegheit for sertifisering i prosedyrar
  • hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
  • eit trivelig arbeidsmiljø
  • Vi kartlegger mulighet for 12-timersskift på avdelingen
  • Busetter du deg i Odda kan du søkje om å få sletta inntil 25 000 kroner av utdanningsgjelda per år.

Kontaktinformasjon

Andreas Jacobsen, Funksjonsleiar, +47 40518183

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 10

5750 ODDA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF


Referansenr.: 5173294906

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 29.09.2026

Om arbeidsgiveren

I Helse Fonna er vi meir enn 3000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar og har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på facebook.com/helsefonna.

Odda er ein kulturby med naturskjøne omgivnader. Det er moglegheiter for mange ulike aktivitetar året rundt: Turar i fjellet, toppturar, Trolltunga og klatring i Via Ferrata, og sommarskisenter i Jondal. Kulturlivet er rikt og variert, som til dømes Litteratursymposiet, Hardanger musikkfestival, NM i morellspytting og blueshelg.

  • Sted: Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
  • Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier

Firmaets beliggenhet

Sjukehusvegen 10, 5750 Odda

Kart
Søknadsfrist: 29.9.2026

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Gå til søknad(åpnes i en ny fane)Se fullstendig annonse

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 475154674
  • Sist endret: 31.8.2026, 08:18
  • Org.nr.: 974743086Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse