FINNJobbSøkRogalandHå
Åna fengsel logo
Åna fengsel
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke
Fristen er utløpt

Medarbeider i aktiviseringsteam

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Nærbø
  • Søknadsfrist 23.08.2026
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Forebygge isolasjon og aktivisere innsatte ved Åna fengsel. Stillingen innebærer toskiftarbeid med helgearbeid.

Kvalifikasjoner

  • Uttømmende politiattest
  • Bestått opplæring i fysisk maktbruk
  • Relevant utdanning (KRUS, sosialfaglig bachelor, eller 3-årig VGS med erfaring)
  • God kunnskap og erfaring med IKT-systemer

Hva vi tilbyr

  • Lønn etter stillingskode (fra kr 474 000 til 650 000 pr. år)
  • Gode pensjons-, forsikrings- og låneordninger i Statens pensjonskasse
  • Gratis parkering og tilgang til el-billader
  • Aktivt bedriftsidrettslag
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch

Vil du jobbe i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag?

Om stillinga

Åna fengsel har ledig fast, full stilling i aktiviseringsteam.

Medarbeidarar i aktiviseringsteam arbeider to-skift, med helgearbeid.

Som tilsett i aktiviseringsteam har du ansvar for dei innsette og tilsette sin tryggleik, hente inn og vurdere informasjon og saksbehandling.
Vidare skal du ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konflikthandtering. Du må kunna opptre som ein positiv rollemodell og rettleiar for dei innsette, og delta i målretta progresjonsarbeid med innsette.
 

For å kunne arbeide i kriminalomsorga er det eit krav at opplæring i fysisk maktbruk blir bestått.

Vi ønsker at teamet skal være bredt samansett med tanke på erfaring og bakgrunn. Teamet kan bestå av fengselsbetjentar,
verksbetjentar og miljøarbeidarar. Formålet med aktiviseringsteamet er å førebygge isolasjon og gi et tilbod om aktivitet til innsette som ikkje er aktivisert i ordinær arbeidsdrift eller skole. Dette gjeld både innsette som er stengd ute frå fellesskapen av retten eller kriminalomsorgen, innsette som isolerer seg sjølv på grunn av psykiske lidingar, lettare psykisk utviklingshemming eller av andre grunnar unngår fellesskap med andre.

Arbeidsoppgåver

Aktiviseringsteamet skal bidra til å førebygge isolasjonsskader og aktiviserer innsette som ikkje klarer å delta i ordinær arbeidsdrift og elles ville vært utan tilbod. Aktiviseringsteamet skal arbeide tett saman med avdelingsbetjentar og være en del av ei tverrfagleg gruppe med mellom anna tilsette frå servicetorg, helse og arbeidsdrifta. Teamet skal gi eit eigna tilbod til målgruppa, som fysisk aktivitet, fritidsaktivitetar, individuelle- og gruppeaktivitetar eller annan meiningsfull aktivitet og menneskeleg kontakt.
Aktivitetsteamet skal stå for oppfølging av innsette som er i fare for å isolere seg. Vidare står dei for kartleggingar og risikovurderingar. Teamet set opp, og gjennomfører, vekeplanar for innsette med tanke på deira individuelle behov. Aktiviseringa kan skje individuelt eller i grupper av varierande storleik med innsette med særskilde behov, og større grupper der årsaka til isolasjon er manglande tilbod i avdelinga.
 

Aktiviseringsteam skal forholda seg til dei særlig sårbare og hjelpetrengande innsette:
Innsette som ikkje er i stand til å nyttiggjera seg etablerte tilbod, som lett grad utviklingshemma og psykisk ustabile.
Innsette som har psykotiske gjennombrot i fengsel. Innsette som er suicid -fare og/eller er i fare for å skade seg sjølv.
Innsette med paranoid beredskap og er til fare for andre.
Innsette som isolerer seg over tid med gradvis dårlegare psykisk helse

Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.

Utdanning og erfaring

         For fengselsbetjent (0264) gjeld:

  • Bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskulen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS
  • God kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

    For miljøterapeut (1201) gjeld:

  • Sosialfaglig høgskule- eller universitetsutdanning, eller anna relevant utdanning frå høgskule eller universitet på bachelornivå
  • Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • God kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy

         For miljøterapeut (0808) gjeld:

  • Bestått 3-årig vidaregåande skule
  • Relevant yrkeserfaring
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • God kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy

    For verksbetjent (0275) gjeld:

  • At du er tilsett som verksbetjent i kriminalomsorgen.
     

Ved tilsetjing vil samansetninga av teamet verta vektlagt.
 

Personlege eigenskapar

  • Ha evne og vilje til å drive påverknadsarbeid
  • Ha evne til å motivera personar i vanskelege livssituasjonar
  • Ha god evne til å arbeida i team
  • Vere kreativ
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk med målgruppa
  • Evne til å søkje gode løysingar for den enkelte, i samspel med kolleger, leiing og eksterne samarbeidspartnarar
  • Tolmod, ansvarskjensle og evne til å setje grenser.

Vi tilbyr

  • Meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt, der samarbeid og deling av erfaringar er sentralt.
  • Gratis parkering og tilgang til el-billadar.
  • Eit aktivt bedriftsidrettslag som tilbyr muligheter for fysisk aktivitet og sosialt samvær.
  • Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.

Miljøterapeut (1201) fra kr 525 000- 640 000 

Miljøterapeut (0808) fra kr 474 000 - 550 000 

Fengselsbetjent (0264) blir løna frå kr 500 000 - 630 000

Verksbetjent (0275) blir løna frå kr 500 000 - 650 000
 

Oppgitt løn er pr. år, avhengig av ansiennitet/kvalifikasjonar, det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse

Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.  

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.  (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling)

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til fengselsinspektør Frode Dahl på telefon 51799102

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.

På innsiden av den norske utsiden

I filmen får du et innblikk i vår arbeidshverdag. Du får se hvordan vi jobber for en straff som endrer. 

Video: https://youtu.be/J_Mr1Ibf4uM

Ferdigheter
AI-generert

  • Risikoanalyse
  • Saksbehandle søknader
  • Sikkerhet i fengesel

Om arbeidsgiveren

Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.

Region sørvest omfattar fengsel og friomsorgskontor i Rogaland og Agder, med rundt 600 tilsette. Regionadministrasjonen ligg i Sandnes.

Åna fengsel har rundt 180 tilsette, med til saman 193 plassar for mannlege innsette, fordelt på 155 plassar med høgt tryggleiksnivå og 38 plassar med lågare tryggleiksnivå.

  • Sted: Åna, 4365 Nærbø
  • Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon, Politi og sikkerhet
  • Stillingsfunksjon: Annet

Videospiller

Spørsmål om stillingen

FD

Frode Dahl

Fengselsinspektør

51 79 91 02Kopier telefonnummer 51 79 91 02

Firmaets beliggenhet

Åna, 4365 Nærbø

Kart
Søknadsfrist: 23.8.2026

1744 følger dette firmaet

Nyttige lenker

Bli kjent med Kriminalomsorgen

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 473338457
  • Sist endret: 15.8.2026, 00:01
  • Org.nr.: 911830868Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse