Kontrollingeniør
- Søknadsfrist 15.8.2026
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Offentlig
Kontrollingeniør vatn og avløp – mellombels 100 % stilling
Øygarden kommune har skilt ut alle tenester knytte til vatn, avløp og renovasjon i eit eige aksjeselskap, ØyVAR AS. ØyVAR betener nær 40 000 innbyggjarar og står stadig overfor spennande utfordringar innan VAR-sektoren. ØyVAR har fleire nye utbyggingsprosjekt som skal gjennomførast, og vi ønskjer å styrkje utbyggingsavdelinga med ein driftig medarbeidar.
Vi søkjer ein engasjert og påliteleg medarbeidar til ei mellombels stilling som kontrollingeniør.
Stillinga er 100 % fram til juni 2028 og rapporterer til fagsjef utbygging.
Som kontrollingeniør vil du bidra til å sikre at kvaliteten på nye vass- og avløpsleidningar blir ivareteken på ein forsvarleg måte og i samsvar med gjevne vedtak.
Arbeidet omfattar stadleg kontroll, dokumentasjon og FDV-arbeid i samband med etablering av nye leidningar.
Det kan òg vere aktuelt å delta i arbeidet med lekkasjereduksjon på eksisterande leidningsnett i periodar.
Det må påreknast noko arbeid på kveld, natt og i helgar.
Vi søkjer deg som ønskjer å arbeide i eit triveleg og hektisk arbeidsmiljø.
Den vi søkjer, tek initiativ og trivst med å arbeide både sjølvstendig og i team.
Vitnemål og attestar skal leggjast ved søknaden. ØyVAR vil gjennomføre ein utvida bakgrunnssjekk med heimel i digitaltryggleikslova.
Arbeidsoppgåver
- Kontroll og oppfølging av VA-arbeid, avvikshandtering og sluttbefaringar
- Dokumentasjon og generell sakshandsaming
- Arbeid med lekkasjesøking
Kvalifikasjonar
- Minimum bachelorgrad i byggingeniørfag med studieretning innan prosjekt- og byggeleiing, teknisk samfunnsplanlegging eller tilsvarande.
- Fag innan vatn og avløp er ein fordel.
- Førarkort klasse B
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- Gode ferdigheiter i bruk av digitale verktøy
- Det er ønskjeleg med erfaring som kontrollingeniør innan VA-infrastruktur og erfaring med lekkasjesøking
Personlege eigenskapar
- Tek initiativ, er lærevillig og løysingsorientert
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Samhandlar godt med kollegaer, leiarar og andre fagmiljø
Vi tilbyr
- Løn etter avtale, avhengig av kvalifikasjonar og tidlegare praksis
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksitidsordning
- Dyktige, engasjerte og hyggelege kollegaer
ØyVAR ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at medarbeidarane våre i størst mogleg grad skal spegle mangfaldet i befolkninga.
Vi oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn eller bakgrunn.
Søknadsfrist: 15. august
Ferdigheter
- Avviksbehandling
- Byggeteknikk
- Lekkasjesøking
- Stedsbefaring
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Øygarden kommune har skilt ut alle tenester knytte til vatn, avløp og renovasjon i eit eige aksjeselskap, ØyVAR AS.
ØyVAR betener nær 40 000 innbyggjarar og står stadig overfor spennande utfordringar innan VAR-sektoren.
ØyVAR har fleire nye utbyggingsprosjekt som skal gjennomførast.
- Sted: Lonavegen 20, 5353 Straume
- Bransje: Bygg og anlegg, Drift og vedlikeholdstjenester, VVS
- Stillingsfunksjon: Ingeniør
Nøkkelord
kontrollingeniør, vatn og avløp, va-infrastruktur, lekkasjesøking
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 471479433
- Sist endret:
- Org.nr.: 985345899Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)


