FINNJobbSøkRogalandTime
Fristen er utløpt

Ungdomsarbeidar

Time kyrkjelege fellesråd - Time sokneråd

  • Søknadsfrist 18.8.2026
  • Ansettelsesform Fast

Fast stilling som ungdomsarbeidar i 20-30% Lye forsamlingshus (Time sokn DNK)

Stilling i Den norske kyrkja

Likar du å jobba med ungdom? Ønsker du å gje dei eit møte med Jesus og ein plass i fellesskapet?

Ungdomsarbeidet Varden starta opp våren 2019 og har sidan då samla mellom 20 og 60 ungdommar annankvar fredag på Lye forsamlingshus. Time sokneråd søker etter ny ungdomsarbeidar som kan leia dette arbeidet.

SØKNADER VIL BLI VURDERTE FORTLØPANDE ETTER 18.08.2026

Arbeidsoppgåver:

Å leia Varden ungdomsarbeid annankvar fredag, og gjennom å:

  • vera med og skapa eit godt miljø for ungdom på Lye forsamlingshus, der ungdommar kan veksa i tru og finna si teneste.

  • legga til rette for undervisning, lovsong, bøn og aktivitetar for dei unge

  • rekruttera, utrusta og vegleia frivillige medarbeidarar

  • gje ungdommane ansvar og leiartrening

  • Å delta som ein av fleire leiarar i konfirmantarbeidet. Ungdomsarbeidaren har ikkje hovudansvar.

  • Samarbeida med andre ungdomsarbeidarar i kyrkjene i Time kommune der det er naturleg.


Kvalifikasjonar me ser etter

  • Utdanning innan barne- og ungdomsarbeid. Annan utdanning eller erfaring kan kompensera for manglande utdanning.

  • Utdanning innan eller god kjennskap til kristen tru

  • Erfaring frå kristent barne- og ungdomsarbeid

Personlege eigenskapar

  • Ha evne til å ta initiativ og vera kreativ

  • Kunne visa omsorg og setta grenser

  • Ein må sjølv vera kristen, og ha eit ønske om å dela trua med andre

  • Vera ein god leiar for ungdom

  • Flink til å kommunisera med ungdom, både i store og små samanhengar

  • Vera pliktoppfyllande og ryddig i arbeidet

Søkar må visa fram politiattest.

Me tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø

  • Løn etter avtale

  • Medlemskap i KLP

  • Fleksibel arbeidstid og avspaseringsordningar

Ferdigheter

  • Kristen religionslære

  • Bilde 1 av 1 i jobbannonse-galleriet

Om arbeidsgiveren

Time kyrkjelege fellesråd er ein del av Den norske kyrkje. Kontorlokala ligg i Bryne sentrum, og der held tilsette i Bryne kyrkje, Time kyrkje, Lye Forsamlingshus og Undheim kyrkje til. Lye er ein tettstad som ligg i Time kommune, 6 km frå Bryne. Det er om lag 2400 menneske som bur på Lye. Lye høyrer inn under Time sokn, som har to gudstenestestader: Lye forsamlinghus og Time kyrkje.

På Lye forsamlingshus er det to kyrkjelydar som held til og samarbeidar. Ungdomsarbeidaren høyrer til under Den norske kyrkja sitt arbeid.

  • Sektor: Organisasjoner
  • Sted: Kvartsvegen 3, 4347 Lye
  • Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
  • Bransje: Annet, Ideelle organisasjoner, Kirke og menighet
  • Stillingsfunksjon: Menighetsarbeid, Omsorg og sosialt arbeid, Undervisning og pedagogikk
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

Ungdomsarbeid, Ungdomsarbeider, Kirkejobb, Menighet, barne- og ungdomsarbeid

Time kyrkjelege fellesråd - Time sokneråd logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Frode Skårland
  • Stillingstittel: Dagleg leiar
  • Mobil: 48 99 71 02
Send meldingSend SMS
  • Hjemmeside

3 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Kvartsvegen 3, 4347 Lye

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 467874798
  • Sist endret: 23.6.2026, 14:52
  • Org.nr.: 976993616Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse