100% stilling som Kafè og produksjonsmedarbeidar
Matstova As
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Vi ser etter ein alsidig person som ønskjer å arbeide både i produksjon og sal av produkta våre på bakeriutsalet vårt. Fast stilling er på 80-100%, og tilsetjing snarast eller før 1. august.
Hva vi ser etter
Vi ser etter deg som ønskjer å yte service til kundane, bidra til eit trivelig arbeidsmiljø, jobbar ryddig, effektivt og har god hygiene og reinhald. Kommuniserer godt på norsk og gjerne har erfaring frå faget.
Arbeidsoppgaver
Produksjonsmedarbeidar:
Bli med i vårt team i Oppstryn der all produksjon av våre produkt foregår. Her er vi 6 personar som jobbar saman i både bakeri, konditori og kjøkken. Stillinga vil vere å produsere opp kaker til frys og klargjere kaker til bakeriutsalet vårt kvar dag. Jobben vil også vere å bake lefser på hausten og fram mot juletider. Vi driv også med catering og servering i våre selskapslokaler, då det kan vere behov for hjelp her også i blant.
Kafemedarbeidar:
På bakeriutsalet vårt på Stryn Torg får du vere med å klargjere all baksten som skal seljast frå disk og brødhyller. Her er det pakking av brød, klargjering av søt bakst, smørjing av baguettar og rundstykker mm. Her jobbar du i eit hektisk miljø der vi har mykje gjester innom kvar dag. Du arbeider også med kaffimaskin, steiking av pizza, rydding og oppvask. Laurdagsvakt kvar 4. veke.
Vi håpar du
-
Har eit ønske om å gje god service til kundane
-
Trivast i eit sosialt og tidvis hektisk miljø
-
Jobbar godt saman med andre, men også åleine
-
Jobbar ryddig, effektivt og har god hygiene og godt reinhald
-
Kommuniserer godt på norsk
-
Har erfaring innan faget, men det er ikkje eit krav
Vi tilbyr
Vi tilbyr ein arbeidsplass med variert arbeid gjennom året, der det er roleg på vinteren og hektisk i sesong.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 467302301
- Sist endret



