Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Kvinnherad
Fristen er utløpt

Sjukepleiar Nattevakt Husnes/Halsnøy - med rekurtteringstillegg

Kvinnherad kommune Husnestunet

  • Søknadsfrist 2.8.2026
  • Ansettelsesform Fast

Sjukepleiar 80% fast stilling på Natt Husnes/Halsnøy - med rekrutteringstillegg

Sjukepleiar - 80% fast Nattevakt - med rekrutteringstilskot

Nattevaktene sør søkjer ny kollega - Arbeidsstad: Husnes/Halsnøy

 • Rekrutteringstilskot på kr. 50.000,- for deg som ikkje jobbar i kommunen frå før (2 års bindingstid)

Trivst du med å arbeide om natta og ønskjer å bidra til tryggleik og gode tenester for pasientane våre? Nattevaktene sør i Kvinnherad kommune søkjer no ein ny kollega til teamet vårt.

På natt gir vi tenester til fleire einingar og brukargrupper. Det gjer at vi har ein variert arbeidskvardag og utviklar brei fagleg kompetanse. Nattevaktene samarbeider tett og er kjende for å vere løysingsorienterte og gode på samarbeid.

Hos oss blir du ein del av eit inkluderande fagmiljø der vi støttar kvarandre og arbeider saman for å gi trygge og gode tenester gjennom natta.

 

Arbeidsoppgåver

  • Fagleg oppfølging av pasientar og brukarar
  • Bidra til tryggleik og kvalitet i tenestene gjennom natta
  • Samarbeid med kollegaer og andre faggrupper
  • Dokumentasjon og oppfølging av tiltak
  • Handtering av akutte og uforutsette situasjonar

 

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som  sjukepleiar

Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, kan anna relevant helsekompetanse bli vurdert.

 

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • er fagleg trygg og kan arbeide sjølvstendig
  • har gode samarbeidsevner
  • er løysingsorientert
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • møter pasientar og pårørande med respekt og omsorg

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

 

Vi tilbyr

  • 80 % fast stilling på natt
  • Opplæring og støtte frå erfarne kollegaer
  • Eit godt fagmiljø med fokus på samarbeid og utvikling
  • Gode arbeidstilhøve
  • Løn etter gjeldande avtaleverk

 

Gode ordningar i Kvinnherad kommune

  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
  • Etter eitt år i jobb kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet
  • Gratis SFO
  • Søskenmoderasjon i barnehage
  • Per i dag ingen eigedomsskatt på hus, hytter og næring

 

Praktisk informasjon

Tilsetjing snarast.

Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.

Gyldig politiattest må leggast fram der det er påkravd.

 

Vil du bli vår nye kollega?
Send oss ein søknad – vi gler oss til å høyre frå deg.


Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren

Kvinnherad kommune har vel 13.250 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
Sjekk og ut Friskus Kvinnherad for aktiviteter og frivillige oppdrag (https://kvinnherad.friskus.com/events)
  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
  • Stillingsfunksjon: Eldreomsorg, Helsepersonell, Sykepleier

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Gå til søknad(åpnes i en ny fane)Se fullstendig annonse

Firmaets beliggenhet

Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 467266478
  • Sist endret: 13.7.2026, 09:51
  • Org.nr.: 975298418Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse