Rådgiver/seniorrådgiver - rovviltforvaltning
Miljødirektoratet
- Frist 16.8.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi styrker kapasiteten vår på arbeidet med rovvilt. Er du vår nye kollega?
Vi søkjer ein dyktig og samarbeidsorientert kollega i arbeidet med å vareta Miljødirektoratet sine oppgåver innanfor fagområdet rovvilt, men også andre viltoppgåver. Arbeidet omfattar saksbehandling etter viltressurslova- og naturmangfaldlova og reglar til disse. Saksfeltet er spennande og har eit sterkt, fagleg fokus, og stor allmenn interesse. Erfaring og kompetanse med forvaltningspraksis på rovviltområdet er difor ønskeleg.
Stillinga ligg i viltseksjonen som er ein av seks seksjonar i Land- og friluftslivsavdelinga. Viltseksjonen arbeidar med forvaltningssaker knytt til naturmangfaldlova og viltressurslova. Arbeidsfeltet til seksjonen er allsidig og utfordrande, og inneber mykje kontakt med eksterne aktørar og formidlingsarbeid.
Seksjonen har 16 medarbeidarar og arbeidsstaden er på Brattøra i Trondheim.
Stillinga sine hovudansvarsområde
saksbehandling etter viltressurslova og naturmangfaldlova, hovudsakeleg på rovviltfeltet inkludert klagesakshandsaming
delta i ein vaktberedskapsordning
rådgjeving og fagleg støtte til Klima- og miljødepartementet
andre oppgåver/utviklingsoppgåver som ligg til seksjonen ved behov
Kompetansekrav
Kvalifikasjonar
relevant utdanning på mastergradsnivå til dømes innan biologi. Om du har juss i fagkretsen er det ein fordel. Relevant arbeidserfaring kan vege opp for kravet om mastergrad.
god kunnskap om viltforvaltning, og gjerne erfaring frå arbeid med rovvilt
erfaring frå arbeid i kryssingsfeltet rovvilt, tamreindrift/husdyrdrift vil vektast positivt
god munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk og engelsk
kompetanse på samisk kultur og språk blir vektlagt positivt
Eigenskapar
Du har god samfunns- og forvaltningsforståing og vil trivast i rolla som myndigheitsutøvar.
Du har gode samarbeidseigenskapar og evner å handtere vanskelege situasjonar på ein diplomatisk måte.
Du har gode kommunikasjonseigenskapar og er opptatt av å lytte.
Du er effektiv og resultatorientert og leverer rett kvalitet til rett tid.
Du toler å arbeide på eit delvis konfliktfylt fagområde.
Vi tilbyr
fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar med lønn i spennet kr 600 000 - 900 000 etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskild kvalifisert søkjar kan vurderast høgare.
utfordrande arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
gode høve for fagleg og personleg utvikling
eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar inkludert trening i arbeidstida
fleksible arbeidstidsordningar, og pensjons- og bustadlånordningar i Statens pensjonskasse
Har du spørsmål?
Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Vebjørn Knarrum, telefon 952 31 575, e-post vebjorn.knarrum@miljodir.no, eller fagdirektør Susanne Hanssen, telefon 907 42 738.
Oppgi referansenummer 57-2026 LVI når du tek kontakt.
Generelle opplysningar
Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.
Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsdugnaden/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-0). Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.
Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa (https://www.miljodirektoratet.no/personvernerklaring/) vår.
FerdigheterAI-generert
- Biologi
- Viltforvaltning
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø. Våre hovedoppgaver er å redusere klimagassutslipp, forvalte norsk natur og hindre forurensning.
Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har om lag 830 faste ansatte ved kontorene våre i Trondheim, Oslo, Svolvær og Tromsø og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor. I tillegg har vi om lag 130 deltidsansatte rovviltkontakter spredd over hele landet.
Det er stor variasjon i arbeidsoppgavene i Miljødirektoratet. Vi utvikler og følger opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet, gjennomfører samfunnsøkonomiske analyser, overvåker og kartlegger arter, fører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparker og naturreservat. Noen oppgaver krever at ansatte med ulik fagkompetanse jobber sammen på tvers. På den måten sikrer vi størst mulig faglig tyngde i leveransene våre. Vi lærer av hverandre og utvikler oss internt. Andre arbeidsoppgaver krever selvstendig jobbing. For å løse samfunnsoppdraget vårt på best mulig måte har vi behov for medarbeidere i alle aldere, med ulike fagkombinasjoner, kompetanse, livserfaringer og perspektiver. Er du kvalifisert til en ledig stilling, så oppfordrer vi deg til å søke!
Se alle ledige stillinger i Miljødirektoratet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Brattørkaia 15, 7010 Trondheim
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Biolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
rovdyrforvaltning, viltforvaltning, naturmangfaldlova, saksbehandling, miljøforvaltning
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 467209935
- Sist endret


