Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bergen

Postdoktor i kvantefysikk og -optimering

Universitetet i Bergen

  • Frist 10.8.2026
Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAPostdoktor i kvantefysikk og -optimering

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som postdoktor i kvantefysikk og -optimering. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og knytt til NFR prosjektet "Quantum Oscillator Networks for Optimisation and Machine Learning" (prosjektnummer 358752).


Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen har eit levande forskingsmiljø med aktive grupper som mellom anna arbeider innan teoretisk og eksperimentell partikkelfysikk, kvantefysikk, nanofysikk og kvanteteknologi. Instituttet startar eit nytt integrert masterprogram i kvanteteknologi med oppstart hausten 2026. Eit nyoppretta senter, «Quantum UiB», finansiert av Trond Mohn stifting og Universitetet i Bergen, vil fungere som eit knutepunkt for framifrå kvanteforsking og leggje til rette for nytt samarbeid.

Prosjektet Quantum Oscillator Networks for Optimisation and Machine Learning (QONOMics) står sentralt i denne satsinga. Prosjektet fokuserer på fysikken i nettverk som består av kopla harmoniske og Kerr-ikkje-lineære oscillatorar. Ved å studere desse systema i både klassiske og kvantemekaniske regime, er målet å utvikle nye metodar for å løyse komplekse optimaliseringsproblem og vidareutvikle arkitekturar for maskinlæring. Forskinga inneber å undersøkje korleis den naturlege dynamikken til desse fysiske systema – som bifurkasjonar og faseovergangar – kan utnyttast til effektive utrekningar og informasjonsbehandling.

Dei som blir tilsette vil bidra til teoretisk utvikling, numeriske simuleringar og mogleg implementering i maskinvare (hardware-mapping) for desse oscillatorbaserte systema. Dette inkluderer utforsking av konsept som kvanteherding (quantum annealing), symmetribrot og reservoarutrekning (reservoir computing).


Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (PhD) innanfor teoretisk fysikk, kvantefysikk eller eit nært beslekta fagfelt. Kandidatar med bakgrunn i datavitskap (informatikk) kan også være kvalifiserte dersom dei har betydeleg, dokumenterbar erfaring med optimalisering ved bruk av fysikkinspirerte algoritmar eller rammeverk for kvantedatabehandling. Søkjaren må ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Praktisk erfaring frå og kompetanse innan kvanteteknologiar og kvanteoptimering er eit krav.
  • Spesifikk erfaring eller kompetanse innan kvanteoptimering, særleg med simulert bifurkasjon, blir rekna som ein  fordel.
  • Forskingsbakgrunn innan kvantefysikk, spesielt numerisk modellering av ikkje-lineære oscillatorar, og opne kvantesystem er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.


Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Kandidatar som manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, vil få høve til kvalifiserande arbeid, anten i åremålsperioden eller gjennom eventuell forlenging av åremålsperioden (maks fire år totalt). Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. I samsvar med Forskingsrådet sine reglar, kan heller ingen tilsetjast fleire gonger i NFR-finansierte postdoktorstillingar.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.  

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. 


Vi tilbyr:
  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 685 900. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:
  • Ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • Ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga. 
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert. 
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer).

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Konrad Tywoniuk (konrad.tywoniuk@uib.no) eller professor Jan Petter Hansen (jan.hansen@uib.no).

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Vivian Stegen Jacobsen, vivian.jacobsen@uib.no. 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.     

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. 

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Allegaten 55, 5007 Bergen

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 467209059
  • Sist endret 16.6.2026, 15:33
Rapporter annonse