Øygarden kultrskule
Øygarden kommune Kulturskulen
- Frist 15.8.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å skape musikkglede og læring for barn og unge? Då er vi interesserte i å jobbe med deg. Vi søkjer ein kreativ og engasjert pianolærar i 60 % fast stilling. Undervisninga omfattar både individuelle timar og gruppeundervisning, med rom for samspel og utvikling.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i piano for elevar på ulike nivå, både individuelt og i grupper
- Planlegging og gjennomføring av undervisning som fremjar utvikling, meistring og speleglede
- Oppfølging av elevar og kommunikasjon med føresette
- Deltaking i konsertar, framsyningar og andre arrangement
- Bidra til tverrfagleg samarbeid og prosjektarbeid internt i kulturskulen
- Bidra til utvikling av fagtilbodet og pedagogisk utviklingsarbeid i kulturskulen
- Bidra til eit inkluderande og raust arbeidsmiljø.
- Reising mellom undervisningsstadene må påreknas
Kvalifikasjonar
Må ha:- Relevant høgare musikkutdanning med hovudinstrument piano
- Pedagogisk utdanning eller erfaring frå undervisning.
- Brei musikalsk kompetanse og evne til å undervise i ulike sjangrar
- Dokumentert realkompetanse kan i særskilte tilfelle erstatta formell kompetanse
- Førarkort klasse B.
- Erfaring med og interesse for gruppeundervisning er ein fordel
- Du er ein tydeleg og inspirerande lærar som skaper gode relasjonar til elevar
- Du er strukturert, sjølvstendig og har god gjennomføringsevne
- Du har engasjement for barn og unge si kunstnariske utvikling
- Du er fleksibel og positiv til samarbeid på tvers av fag
- Du er utviklingsorientert og open for nye arbeidsformer, inkludert gruppeundervisning
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr:
- Eigen arbeidsplass med tilgang til øvingsrom på Liljevatnet.
- Tenestebil ved behov.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt
- Benjamin Hogstad – rektor Øygarden kulturskule
E-post: benjamin.hogstad@oygarden.kommune.no
Mobil: 926 21 887 - Kjartan Fjordheim – inspektør Øygarden kulturskule
E-post: Kjartan.Fjordheim@oygarden.kommune.no
Mobil: 472 40 152
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 467198282
- Sist endret
