Avdelingsleiar fellesfag, studiespesialisering og påbygg
Vest-Telemark vidaregåande skule, Telemark Fylkeskommune
- Frist 1.7.2026
- Ansettelsesform Fast
Me søkjer etter 100% Avdelingsleiar for fellesfag, studiespesialisering og påbygg
Personalet på avdelinga er prega av høg kompetanse og stor breidde i fagområde. Avdelingsleiar skal sørge for at dei skal ha gode arbeidsvilkår og den naudsynte støtta for å kunne utføre opplæringsoppdraget. Avdelingsleiar skal jobbe etter skulen sin visjon; "Alle kan - me hjelper deg fram", og ved hjelp av utviklingsarbeid og samhandling i ulike profesjonsfellesskap legge til rette for at skulen når Telemark fylkeskommune sine mål om auka læringsutbytte, auka gjennomføring med planlagt kompetanse og auka livsmeistring.
Til stillinga ligg det personalansvar for ca 20 personar. Tyngda i arbeidsoppgåvene går med til å utarbeide planar og tilrettelegge skuleåret ved hjelp av det skuleadministrative systemet InSchool, mykje i samhandling med leiarteamet. Med til arbeidet høyrer også rettleiing av elevar i val av fag, og oppbygging av vitnemål og kompetansebevis.
Ansvaret for alle eksamenar som skal gjennomførast ved skulen ligg pr i dag til stillinga.
Arbeidsoppgaver
Avdelingsleiar for fellesfag, studiespesialisering og påbygg skal leie avdelinga for dei som som i all hovudsak underviser i fellesfaga på alle avdelingane ved skulen, samt programfaga på studiespesialiserande og VG3 påbygg til generell studiekompetanse.
Avdelingsleiar har ansvar for utviklingsarbeid, og leier arbeidet i profesjonsfellesskapa på avdelinga. Særskilde prosjekt kan også vere aktuelle å ta initiativ til og følgje opp. Til dømes internasjonalisering.
Avdelingsleiar skal i samarbeid med leiargruppa analysere behov for fag og stillingar, utarbeide stillingsplan, for deretter å planlegge skuleåret og leggje og justere fortløpande timeplanar (skuleårsplanlegging i InShool). Avdelingsleiar har ansvar for vikarhandsamingsprosessen. Samhandling i leiargruppa er naudsynt for å koordinere dette arbeidet. Avdelingsleiar deltek i elevsaker for si avdeling, både individuelt, i ulike team og med føresette.
Rettleiing av elevar si fagsamansetting, slik at vitnemål for studiekompetanse vert rett, ligg også til denne stillinga. Til ansvaret for eksamen ligg oversyn og kontroll av kandidatar, uttrekk til eksamen og planlegging og administrering av gjennomføringa. Skulen gjennomfører også ei rekkje privatisteksamenar lokalt, og ansvaret for dette ligg også til denne stillinga.
Det kan bli aktuelt med noko undervisning.
Kvalifikasjoner
Skulen ynskjer ein pedagog, med relevant høgare utdanning innafor eitt eller fleire av områda dekka av avdelinga. Gjerne master. Leiarerfaring med gode referansar er positivt, - og har du gjennomført "rektorskulen" er det eit pluss, - men me kan også legge til rette for slik utdanning. Du bør ha god kjennskap til, interesse og erfaring med å tolke regel- og avtaleverk. Vilje og evne til å nytte ulike digitale verktøy i det daglege arbeidet er ein føresetnad, mellom anna InSchool, kontor-, arkiv- og kommunikasjonsverktøy.
Personlige egenskaper
Det at du er personleg egna til stillinga vert høgt vektlagt.
Me vil legge stor vekt på din leiarfilosofi, og at du er strukturert, systematisk og tydeleg. Dette er viktig for å skape tryggleik og tillit i avdelinga.
Du er kreativ og kan utfordre til nytenking. Du har evne til å sjå dei pedagogiske behova, - og jobbe for skulen som ein heilskap, samstundes som du utviklar eiga avdeling. Du er også samhandlande og kan justere kursen ut frå fellesskapet sitt beste. Du har gjennomføringsevne og er god til å både administrere og kommunisere. Du er også nysgjerring, og ynskjer å utvikle deg både innan skuleutvikling og teknologi.
Avdelinga ynskjer seg ein person som kan sjå utfordringar tidleg, og som både kan leie, sjå den einskilde sine kvalitetar og gi handlings- og utviklingsrom.
Vi tilbyr
I denne stillinga har du rett på ein av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre blir utbetalte i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! Pensjonen har inkludert uføre- og etterlatnepensjon. Med pensjonsrett i SPK (Statens pensjonskasse) får du også medlemspris og gunstige vilkår på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt. Du finn meir informasjon på nettsida til SPK (spk.no)
Kontaktinformasjon
Siv Reidun Eide, Rektor, 95854292, siv.reidun.eide@telemarkfylke.noArbeidssted
Storvegen 1953880 Dalen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Telemark FylkeskommuneReferansenr.: 5125002712
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.07.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 467194474
- Sist endret


