Her er du

FINN/Jobb/Søk/Telemark/Vinje

Lærar - 30% fast stilling

Edland skule, Vinje kommune

  • Frist 28.6.2026
  • Ansettelsesform Fast

Har du undervisningskompetanse i engelsk på ungdomstrinnet og vil ha ein liten fast stilling på Edland skule?

Då har du moglegheit til å søke på denne stillinga som er ledig frå 01.08.26. 

 

Edland skule er ein 1 - 10 skule med omlag 70 elevar. Me har fokus på livsmeistring og satsar på klasseleiing og lesing som utviklingsområde for lærarane på skulen. Me har gode system for å skape trygge og gode læringsmiljø og satsar på god og variert undervisning. Leik, aktivitet og gode uteområde nyttar me som kjelde til utforsking, problemløysing og trivsel. 

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Me håpar du vil søke!   


Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og gjennomføre undervisning i engelsk på ungdomstrinnet
  • Arbeide med elevar si utvikling i munnlege og skriftlege ferdigheiter
  • Vurdere og følgje opp elevane sitt læringsarbeid
  • Samarbeide med kollegaer og bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø
  • Delta aktivt i skulen sitt profesjonsfellesskap og utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Godkjend lærarutdanning (GLU 5–10 eller tilsvarande)
  • Undervisningskompetanse i engelsk på ungdomstrinnet 
  • Erfaring frå undervisning på ungdomstrinnet er ein fordel
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Tydeleg og trygg klasseleiar
  • Relasjonssterk og inkluderande i møte med elevar
  • Engasjert og fagleg oppdatert
  • Fleksibel og god til å samarbeide

Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.

Vi tilbyr

  • Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
  • Moglegheit for fagleg utvikling og samarbeid i profesjonsfellesskap
  • Engasjerte elevar og gode relasjonar i skulekvardagen
  • Løn og arbeidsvilkår i tråd med gjeldande avtaleverk
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
  • Vinje kommune er omfatta av ordninga med sletting av studielån på 25 000kr. Du må då ha vore i arbeid i 1 år og vera folkeregistrert og busett i kommunen.

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

 

 

Kontaktinformasjon

Rune Sudbø Tveito, Verksemdsleiar

Arbeidsstad

Storegutvegen 48

3895 Edland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune


Referansenr.: 5145989216

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 28.06.2026

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Storegutvegen 48, 3895 Edland

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 467098054
  • Sist endret 15.6.2026, 15:02
Rapporter annonse