Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Etne

Ledig stilling i Skånevik barnehage

Etne kommune Skånevik barnehage

  • Frist 25.6.2026
  • Ansettelsesform Vikariat

Skånevik barnehage treng pedagogisk leiar i 50% stilling, er det deg?

Arbeidsoppgåver

Planlegge og gjennomføre pedagogiske samlingar og aktivitetar for din avdeling.
Etablere ein god relasjon med føresette, og gjennomføre foreldresamtalar.
Vera ein trygg og tilstadeverande vaksen i barnas kvardag.
Delta i leik, aktivitetar og kvardagsrutinar.
Samarbeide med øvrige tilsette for å skapa eit godt og inkluderande miljø.
Bidra til praktiske oppgåver i barnehagen.

Kvalifikasjonar

Barnehagelærarutdanning

Eigenskapar

Har eit varmt hjerta for barn og trives i barnehagemiljø.
Er fleksibel og likar varierte arbeidsdagar.
Er ansvarleg, stabil og samarbeidsvillig.
Har gode norskkunnskapar.

Me tilbyr

Eit hyggeleg og inkluderande arbeidsmiljø.
Varierte arbeidsdagar og verdifull erfaring.
Opplæring og støtte frå erfarne kollegaer.

Annan informasjon

Barnehagen følger gjeldande reglar for politiattest.
Attest må framvisast før oppstart.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.


Link til søknadsskjema: Søk her

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Barnehagevegen 24, 5593 Skånevik

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 467079929
  • Sist endret 15.6.2026, 11:07
Rapporter annonse