Fast stilling som miljøarbeidar/miljørettleiar hjå Os vgs
OPK-OV - Avd. Fellesfag/påbygg/HTHA, Vestland fylkeskommune
- Frist 23.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Os vidaregåande skule tilbyr fem yrkesfaglege utdanningsprogram, påbygg til generell studiekompetanse, særskilt tilrettelagt opplæring og studieførebuande. Skulen har om lag 700 elevar og 120 tilsette.
Skulens elevsyn er å møta eleven med respekt, fleksibilitet og ei positiv innstilling. Vår visjon byggjer på formålsparagrafen til opplæringslova:
Vi jobbar med samfunnets viktigaste verdi og bidreg til ei god framtid gjennom å utvikla sosialt kompetente og fagleg dyktige elevar og lærlingar for vidare liv, utdanning og yrke.
Frå og med skulestart august 2026 har skulen ledig ei fast stilling som fagarbeidar/miljørettleiar. Stillinga er for tida knytt til avdeling for helse- og oppvekstfag og tilrettelagde grupper. Inntil vidare vil den nye medarbeidaren arbeida i mindre grupper med inntil åtte elevar og i samarbeid med fleire fagarbeidarar og lærarar. Elevane i dei små gruppene får kvardagslivs- og arbeidstrening i opplæringa. I dag arbeidar om lag fire pedagogar og sju fagarbeidarar i to tilrettelagde grupper.
Stillingsstorleiken er 100 %, med 93 % løn. Arbeidstida er 37,5 timer per veke i skuleruta og i ytterlegare tre skuleferieveker med tilsyn for elevar i dei tilrettelagde gruppane. Den som tek imot stillinga har difor arbeidsfri i nokre veker av normalarbeidsåret.
Arbeidsoppgåver
- Støtta faglærar i undervisinga av elevar med trong for særskilte pedagogiske, sosiale og helsemessige tilpassingar
- Delta i planlegging og oppfølging av elevar i lag med lærar som har ansvar for undervisninga
- Delta i opplæringsaktivitetar i klasserom, gymsal, på kjøkken, i verkstader og utandørs eller på andre arenaer
- Gjennomføra og/eller ta ansvar for sosiale eller helserelaterte tenester for elevane i skuletida (td. personleg assistanse), i tråd med elevane si trong
- Samarbeida med andre fagarbeidarar og lærarar om å planleggja og gjennomføra undervising i tråd med individuelle opplæringsplanar.
- Hjelpa under ev. arbeidsutplassering av elevar i verksemd
Skulen leverer tilsyn og aktivisering til eit utval av dei same elevane før og etter skuletid (TIV-ordninga), men innanfor ordinær arbeidstid. I tillegg tilbyr skulen TIV i nokre ferieveker.
Anna elevretta arbeid i tråd med utdanning og kompetanse kan verta aktuelt på andre avdelingar ved skulen i framtida.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter deg som har:
- fagbrev og erfaring frå arbeid retta mot ungdom med ulike utfordringar. Relevante fagbrev innan skulen sine utdanningstilbod, eller anna helsefagleg bakgrunn, kan vere ønskeleg.
- bachelor innan eit helsefag, som til dømes sjukepleie eller vernepleie.
Den som får stillinga skal:
- ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar.
- vera personleg eigna til arbeid med ungdomar.
- ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Det er ynskjeleg at søkjaren har:
- erfaring med arbeid med brukergruppa (ungdom og elevar)
- kjennskap til ASK
- PPU-utdanning
Det er krav om politiattest for alle som skal tilsettast i vidaregåande skule.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vert vektlagde.
Vi ønsker at du:
- har særskild interesse for, og kommuniserer godt med, elevar med særskilte behov og læringsutfordringarer
- samarbeider godt i team med føresette og kollegaer
- er trygg, tydeleg og inkluderande
- er initiativrik
- deltar på fysiske aktivitetar i lag med elevane
- meistrar å jobbe i ein hektisk kvardag med varierte arbeidsoppgåver
Vi tilbyr
- eit miljø som er oppteken av utvikling for ungdom
- eit engasjert kollegafellesskap med godt samarbeid
- løn- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Lars Arne Nilssen, avdelingsleiar, 93897988Arbeidsstad
Kolskogheiane 145210 Os
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5142900519
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 466580642
- Sist endret


