Barne- og ungdomsarbeidar
Sunde barnehage, Sula kommune
- Frist 23.6.2026
Sunde barnehage har ledig 100% stilling som barne-og ungdomsarbeidar. Stilling er 60% fast frå 1.8.2026 og 40% vikariat i perioden 1.8.2026-31.07.2027, forlenging eller auke av fast stilling kan vere aktuelt.
Barnehagen ligg sørvendt til i Solevågen i Sula kommune, ca 8 minutt kjøring frå Moa. Barnehagen har friluftsprofil, og bruker det unike nærområdet vårt til turar i fjøra, i skogen, på fjellet og til Sundsmyra.
Sunde barnehage er ein kommunal barnehage med 2 avdelingar, ein for barn mellom 1-3 år og ein avdeling for barn mellom 3-6 år.
Visjonen vår er: Med omsorg for framtida.
Verdigrunnlaget vårt er: Alle i Sunde barnehage skal kvar dag ha kjensle av å vere viktige og å bli sett. Vi bygger gode relasjonar og møter barnehagedagen med omsorg, refleksjon og faglegheit.
Du kan lese meir om barnehagen på Sula kommune si heimeside, under Oppvekt og utdanning.
Arbeidsoppgåver
- ha fagleg medansvar for pedagogisk målretta arbeid i barnehagen, i samarbeid med og under rettleiing av pedagogisk leiar
- ha medansvar for å planlegge, gjennomføre aktivitetar og evaluere desse
- ha ansvar for at praktiske arbeidsoppgåver blir gjennomført i samarbeid med det øvrige personalet i barnehagen
- ha delansvar for å observerer, vurdere og dokumentere aktivitetar ut frå barna sine føresetnadar og behov, i henhald til barnehagen sitt system for dette
- ha ansvar for tilsyn, tryggleik og omsorg for barna
- ha medansvar til å oppfylle måla og krava i rammeplan, årsplan og avdelinga sine mål
- sette seg inn i og bruke datasystema og digitale verktøy som barnehagen nyttar
- sette seg personlege mål og arbeide sjølvstendig
- ha ansvar for å følgje opp avtalte daglege rutinar innan HMS eller anna
Kvalifikasjonar
- godkjent fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- god norskkunnskap, munnleg og skriftlig. Nynorsk er tenestemålet i barnehagen
- kunne bruke og vise interesse for digitalt verktøy i arbeidet
- politiattest av nyare dato må leggast fram ved tilsetting
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein person som
- er positiv og fleksibel
- er initiativrik og utviklingsorientert
- liker å gå på tur, vere ute i all slags vêr og vere aktiv deltakande i leik og læring saman med barn og vaksne
- viser engasjement og vilje til å handtere alle sider ved arbeidet på avdelinga
- viser høg arbeidsmoral og har stor tilstedeværelse på jobb
- kan jobbe både på storbarn- og småbarnsavdeling, alt etter barnehagen sin behov
- tek positivt medansvar for eigen og andre sin trivsel, og like å arbeide i team
Faglege og personlege eigenskapar bli vektlagt.
Vi tilbyr
- arbeide tett i lag som personale med fokus på kvalitet, endring og utvikling
- godt arbeidsmiljø med høg trivsel
- løn etter hovedtariffavatlen sine rammer og lønnspolitiske retningslinjer
- god offentleg tenestepensjon i KLP med gode låne- og forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Anita Beth Quon Eikrem, Einingsleiar, 47648090, anita.beth.quon.eikrem@sula.kommune.noArbeidsstad
Rystene 306037 Eidsnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 5142904303
Stillingsprosent: 100%
Anna
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 23.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 466560141
- Sist endret


