Merkantil medarbeidar, 60 % vikariat med moglegheit for forlenging
Kviteseid skule, Kviteseid kommune
- Frist 24.6.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Ved Kviteseid skule er følgjande stilling ledig:
Merkantil medarbeidar, 60 % vikariat frå 01.09.2026 til 31.12.2026, med moglegheit for forlenging.
Kviteseid skule søkjer ein serviceinnstilt og strukturert merkantil medarbeidar til eit vikariat knytt til sjukefråvær hos fast tilsett.
Vikariatet er i første omgang ut året 2026, men det kan bli aktuelt med forlenging dersom fråværet held fram. Den faste medarbeidaren kan òg kome tilbake i arbeid i løpet av vikariatstida.
Kviteseid skule er ein 10-årig skule med om lag 220 elevar og 50 tilsette. 1.–4. trinn er samlokalisert med Kviteseid barnehage i eige bygg. 5.–10. trinn held til i eit moderne og
nyrenovert skulebygg.
Arbeidsoppgåver
Resepsjonsteneste og enkelt sentralbord• Arbeid med digitale elevmapper
• Arbeid med sakshandsamingssystemet Elements og elev-/personalsystemet Visma Flyt
Skole
• Tilgangsstyring i ulike system for tilsette og elevar
• Fråværsregistrering
• Attestering av fakturaer og timelister
• Kontakt med elevar og føresette
• Administrasjon av skuleskyss
• Karakteroppgjer og vitnemål
• Posthandtering
• Bestillingar og innkjøp
• Ansvar for digitalt låssystem og nøklar
• Skulemjølk
• Andre administrative oppgåver etter behov
Kvalifikasjonar
Relevant fagbrev eller høgare utdanning er ynskjeleg• Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
• Kjennskap til skuleverksemd er ynskjeleg
• Gode IKT-kunnskapar
• Det er ein fordel med erfaring frå Elements og Visma Flyt Skole
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, med gode nynorskkunnskapar
• Må disponere eigen bil
Personlege eigenskapar
Er serviceinnstilt og imøtekomande
• Er fleksibel, strukturert og løysingsorientert
• Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
• Kan arbeide sjølvstendig og effektivt i ein hektisk kvardag
• Bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Vi tilbyr
Vi tilbyr- Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Moglegheit til å påverke og utvikle skulen vidare
- Varierte og meiningsfulle arbeidsdagar
- Lønn etter gieldande avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Gjermund Sivertsen, Rektor Kviteseid Skule, +47 478 72 928, gjermund.sivertsen@kviteseid.kommune.noArbeidsstad
Skulevegen 93850 Kviteseid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kviteseid kommuneReferansenr.: 5143502024
Stillingsprosent: 60%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 24.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 466472960
- Sist endret
