Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Stord

Me søkjer ein glødande, skapande og tilstadeverande barne- og ungdomsarbeidar

Sævarhagen FUS barnehage as

  • Frist 25.6.2026
  • Ansettelsesform Fast

I FUS har me store ambisjonar – me ønskjer å bli best på barnehage! Me trur at nysgjerrige, trygge og leikne barn skapar framtida, og me søkjer ein engasjert barne- og ungdomsarbeidar/pedagogisk medarbeidar som vil vera med på denne reisa.

Er du engasjert? Tar du initiativ? Samarbeider du godt med andre? Snakkar du med barn på ein open, ærleg og tydeleg måte?

Verdset du kunnskap? Er du trygg på eigen kompetanse og erfaring? Søker du fagleg råd og rettleiing i utfordrande situasjonar? Verdset du andre sin kunnskap og lærer av andre?

Er du reflektert? Er du medviten om di vaksenrolle og barnet si rolle? Evnar du å sjå deg sjølv og utfordrande daglegsituasjonar i eit heilskapsperspektiv og finn løysingar på utfordringar?

Ja? Då er du kanskje den me ser etter! 


Sævarhagen FUS barnehage ligg midt i eit fantastisk nærmiljø ved Hystadmarkjo på Stord. Me er ein inkluderande og trygg møteplass der barn si leik, utvikling og trivsel står i sentrum. Me jobbar etter FUS sine satsingsområde, med særleg fokus på leikande læring, språk, relasjonar og livsmeistring.
Barnehagen tilbyr eit rikt og variert kvardagsliv, med eigen kokk, tilgang til minibuss og båt, og gode naturopplevingar. Me har eit tett samarbeid med Høgskulen på Vestlandet, og samarbeider med dei om utvikling av prosjektarbeid knytt til nærmiljøet og estetiske fag.
No søkjer me ein engasjert barne- og ungdomsarbeidar i 100% fast stilling som vil vere med å styrkje laget vårt. Oppstart 01.08.2026.
 
Søknadsfrist 25.juni 2026. Det vert kalla inn til intervju fortløpande.
 

Me tilbyr:

  • Ein variert og aktiv kvardag
  • Moglegheit for å bidra med eigne relevante ferdigheiter eller interesser
  • Moglegheit for å bidra til vidare utvikling av barnehagen
  • Moglegheit for å bli ein del av ein kjede med stort fagleg fokus
  • Godt samarbeid med andre FUS-barnehagar i eit av Noregs største private barnehagenettverk
  • Gode løns- og pensjonsvilkår
  • Eigne FUS-klær

Arbeidsoppgåver:

  • Delta i planlegging, gjennomføring, dokumentering og evaluering av det pedagogiske arbeidet
  • Bidra til å sørgje for den heilskaplege omsorga av det enkelte barnet og barnegruppa
  • Bidra til å utvikle det fysiske og psykososiale barnehagemiljøet

Me ønskjer at du:

  • Er samarbeidsvillig og kan løyse utfordringar saman med andre
  • Er tilpassingsdyktig – du trivst i ein variert kvardag, er fleksibel og løysingsorientert i møte med barn, foreldre og kollegaer
  • Er påliteleg og ansvarsmedviten
  • Er ein aktiv og leikande vaksen i møte med barna

Søkjarar vil bli vurdert i forhold til personleg eignaheit, i tillegg til kompetanse og erfaring. FUS har eit mål om å vere ein barnehage prega av mangfald, der ulike perspektiv, erfaringar, bakgrunnar og evner bidrar til eit inkluderande fellesskap.

Tilsetjinga føreset godkjent politiattest i henhald til barnehagelova som må leverast før eventuell tiltreding i stillinga.

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Sævarhagen 47, 5416 Stord

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 466469888
  • Sist endret 9.6.2026, 20:39
Rapporter annonse