Kommunalsjef - oppvekst, frivilligheit og kultur
Årdal kommune
- Frist 3.7.2026
- Ansettelsesform Fast
Strategisk kommunalsjef søkes til Årdal kommune
Som kommune spelar me ei sentral rolle i kvardagen og livskvaliteten til innbyggjarane våre. Ansvaret vårt er å leggja til rette for gode og samanhengande tenester som møter menneska der dei er.
Årdal er ein teknologikommune med sterke fagmiljø, eit levande lokalsamfunn og nasjonalpark rett utanfor døra. Me trur på styrken i eit inkluderande lokalsamfunn som fundament for livskvalitet, og søkjer deg som vil bidra til at Årdal held fram med å vera ein god stad å veksa opp, leva og bu.
Me ser etter ein strategisk, tydeleg og samlande kommunalsjef for oppvekst, frivilligheit og kultur, som ynskjer å delta aktivt i dei omstillingane kommunen står i og ta del i ansvaret for viktige samfunnstenester. I denne sentrale leiarrolla får du ansvar for ein stor og mangfaldig sektor: grunnskule, barnehagar, vaksenopplæring, PPT, barnevern, kulturskule, bibliotek, fritidsklubb, frivilligsentral og idrett. Saman skal me løysa viktige oppgåver – frå førebyggjande arbeid retta mot barn og unge til eit rikt kultur- og fritidsliv for heile lokalsamfunnet.
Ansvar og arbeidsoppgåver
du har det overordna ansvaret for tenestene innanfor oppvekst, frivilligheit og kultur
du inngår i kommunedirektøren si leiargruppe og har ei sentral rolle i den strategiske utviklinga av kommunen
du driv aktivt endrings- og omstillingsarbeid i tråd med kommunen sine demografiske utfordringar
du har det overordna resultat-, budsjett-, fag- og personalansvaret
du utarbeider avgjerdsgrunnlag og representerer kommunedirektøren i møte med politisk nivå og sørgjer for god informasjon og innsikt begge vegar
Din profil
Vi ser etter deg som har lyst til å gjere ein skilnad for barn, unge og heile lokalsamfunnet i Årdal. Du er ein leiar som skapar retning og driv utvikling, samstundes som du er til stades, lyttar og byggjer tillit rundt deg.
Vidare ser vi for oss at du
har relevant høgare utdanning
har solid leiarerfaring og kjennskap til kommunal verksemd
har gjennomført endringsarbeid og handtert komplekse prosessar
byggjer tillit og relasjonar internt og eksternt
har god økonomiforståing og evne til å prioritere riktig
er utviklingsorientert og ser moglegheitene i digitalisering
Kvifor Årdal kommune?
Årdal er ein nasjonalparkkommune med sterke fagmiljø, rikt kulturliv og Jotunheimen rett utanfor døra. Her får du ei samfunnsviktig leiarstilling med reelt handlingsrom – der du kan setje retning, sjå konkrete resultat og bidra til heilskapleg utvikling på tvers av tenester
Denne rolla er ein samfunnsviktig leiarstilling med stort handlingsrom og moglegheit til å påverke utviklinga av framtidas tenester. Du blir ein del av kommunen sitt strategiske utviklingsarbeid og får konkurransedyktige vilkår med offentleg tenestepensjon, gode forsikringsordningar, moderne kontorfasilitetar og tilgang til bedriftshytte på Skeikampen.
Søknadsfrist: 8.juli – søknader vurderes fortløpende.
Ynskjer du mer informasjon om stillinga? Ta kontakt med vår rekrutteringspartner HAMNØY ved rådgiver
Sarya Aydilek, tlf. 908 06 003
Registrer og send inn CV og søknad snarest, og husk å legge ved alle relevante attester og vitnemål.
Oppstart etter avtale.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalpark kommune. Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nær. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune.
I kommunen er det seks barnehagar (fem frå hausten 2026) to skular, ein vidaregåande skule. Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår, Ditt Årdal og Visit Årdal. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram.
Årdal er ein teknologikommune med sterke fagmiljø, eit levande lokalsamfunn og nasjonalpark rett utanfor døra.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Kunst og kultur, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kultur og museum, Ledelse, Økonomistyring og budsjettering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
strategisk ledelse, kommunalsjef, oppvekst, frivillighet, strategisk leiing
Annonseinformasjon
- FINN-kode 466447604
- Sist endret

