Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Austevoll

Helsesjukepleiar

Austevoll kommune

  • Frist 25.06.2026
  • Ansettelsesform Vikariat

Bli med i vår tverrfaglege eining! Vi søker helsesjukepleiarar til helsestasjon og skulehelseteneste.

Om arbeidsstaden

Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

Helsestasjon- og skulehelsetenesta arbeider førebyggande og helsefremmande for barn, unge og familiar. Målet er å styrke både psykisk og fysisk helse, og bidra til trivsel, meistring og gode kvardagar.

Tenesta er del av ei ny eining for barn, unge og familie. I denne eininga inngår også jordmor, PPT, barnevern, kommunepsykolog og familieterapeut. Saman arbeider vi for å utvikle samordna, effektive og robuste tenester til beste for barn, unge og familiar i Austevoll.

Gjennom tett tverrfagleg samarbeid legg vi til rette for tidleg innsats og rett hjelp til rett tid. Eininga samarbeider også med BUP Fana, med faste møtepunkt.

Om stillinga

Vi har ledig deltidsstilling som helsesjukepleiar frå 1. august 2026. 20 % av stillinga er fast, imens 50 % er midlertidig fram til 31.06.2027, med moglegheit for forlenging.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene på helsestasjon vil vere helsefremmande og førebyggande helsearbeid arbeid mot barn får 0-5 år og deira foreldre. Arbeidsoppgåvene omfattar helseopplysning, rettleiing, helseundersøkingar og vaksinering.

Arbeidet i skulehelsetenesta føregår på skular og er retta individuelt mot elevar og som undervisning i grupper og klassar. Oppgåvene omfattar målretta helseundersøkingar, rettleiing og støttesamtaler med elevar, og vaksinering.

Kvalifikasjonskrav

Formelle kvalifikasjonskrav

  • Fortrinnsvis helsesjukepleiar, men sjukepleiarar med relevant vidareutdanning kan óg søke
  • Erfaring frå arbeid med barn, unge og vaksne er ønskeleg
  • Førarkort for personbil
  • Gyldig politiattest

Personlege eigenskapar

Søkar må vere personleg eigna til stillinga. Vi søker deg som er målretta, fleksibel og evnar å jobbe i team. Vidare må du:

  • ha eit stort engasjement for å hjelpe menneske
  • gode evner til samarbeid
  • ha stor arbeidskapasitet og stor motivasjon for stillinga
  • ha evne til organisering og sjølvstende

Vi tilbyr

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og breitt fagmiljø som arbeider saman for felles mål
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Slik søker du

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.

Ferdigheter
AI-generert

  • Grunnleggende sykepleie
  • Pleie og omsorgsarbeid
  • Utføre helsetjenesteundersøkelse
  • Vaksinasjon

Om arbeidsgiveren

Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.

Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
 
Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.

Og veit du at dersom du bur i Austevoll kan du få sletta studiegjeld? Bur du her kan du kvart år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Dette er nytt frå januar 2026, sjå meir informasjon om ordninga på Lånekassen si heimeside: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner

Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. 

Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Birkelandsvegen 6, 5392 Storebø
  • Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Helsesykepleier
Austevoll kommune logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Hege Iren Austevoll
  • Stillingstittel: Leiar Helsestasjon og skulehelsetenesta
  • Mobil: 95 21 44 73
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med Austevoll kommune
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Austevoll kommune

80 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Birkelandsvegen 6, 5392 Storebø

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 466442666
  • Sist endret 9.6.2026, 11:35
Rapporter annonse