Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bjørnafjorden

Operatør – EBIT-senter (fôring og forvaltning)

Eide Fjordbruk

  • Frist 2026-06-30
  • Ansettelsesform Fast

Operatør – EBIT-senter (fôring og forvaltning)


Eide Family er eit familieeigd havbrukskonsern på Vestlandet med lange tradisjonar og høge ambisjonar for framtida. Vi byggjer eit miljø der biologi, teknologi og marknad sit saman- med Salmon Eye som arena og symbol. Watermoon er flaggskipet vårt, og vi inviterer deg med på å forme korleis havbruk skal sjå ut for komande generasjonar.


Eide etablerer eit nytt Biologi- og EBIT-senter med ansvar for biologisk styring og forvaltning av all fisk frå om lag 1 kg og fram til slakt. Som operatør er du det operative leddet som omset biologi til EBIT – der kvar fôringsavgjerd, vekstkurve og helsestatus skal sjåast i samanheng med slakteplan og marknad. Stillinga startar med tett kontroll på appetitt og fôring, men utviklar seg over tid mot meir analyse, forbetring og fagleg påverknad.


Eksempel på arbeidsoppgaver:

  • Dagleg fôring og appetittkontroll – du har hovudansvaret og justerer i sanntid etter appetitt, åtferd og kamera.
  • Forvaltning av fisken – vekst, kondisjon og biomasse mot rett storleik til rett tid, med fiskehelse og slakteplan i same bilete.
  • Plan, analyse og EBIT – du oppdaterer fôrings- og forvaltningsplan løpande og leverer talgrunnlag til sals- og produksjonsplanlegging.
  • Utvikling og effektivisering – du forbetrar fôringspraksis for betre FCR, dokumenterer resultat og spelar inn beste praksis til Kjernen.
  • Samhandling med driftsteama – du støttar lokalitetane i den daglege drifta og sikrar god informasjonsflyt mellom lokalitet, senter og Kjerne.


Kven er du?

For oss er motivasjon, haldningar og verdiar viktig. Vi ønskjer å ha deg med på laget som er samarbeidsvillig, bevisst i eigne handlingar og som tek ansvar både for menneska rundt deg og arbeidet du utfører. Du trivst med å jobbe i team, deler kunnskap, er nysgjerrig, lærevillig og bidreg positivt til kulturen.

Verdiane våre er kompasset i alt vi gjer:

Uredd. Vi tør å satse på visjonar og på folk.

Samarbeidande. Vi byggjer saman, deler kunnskap og løftar kvarandre.

Nytenkjande. Vi utfordrar etablerte sanningar og gjer ting på nye måtar.

Bevisst. Vi tek ansvar for fisk, folk, fjord og framtid.

Fisk. Folk. Fjord. Framtid. — det er kompasset vårt.


Vi ser etter deg som har:

  • Fagbrev eller relevant utdanning innan akvakultur – erfaring kan kompensere for formell utdanning.
  • Erfaring frå havbruk, fôring eller produksjonsarbeid er ein fordel.
  • Kjennskap til fôringssystem, kameraovervaking og digitale driftsverktøy.
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.


Kvifor bli ein del av teamet?

Vi tør å satse- både på visjonar og på folk. Vi har eit motto: det viktigaste er å ha det gøy. Eit godt arbeidsmiljø er fundamentet for alt vi får til saman.


Den som intet våger, intet vinner. Vi ser etter folk som tør å prøve, som tek læring med vidare, og som har lyst til å vere med å forme korleis Watermoon skal driftast i kommersiell skala.

Vi er eit familieeigd selskap som tenkjer i generasjonar- ikkje i kvartal. Du kjem inn i ei verksemd i sterk utvikling, og du får utvikle deg saman med oss.


Søknadsinformasjon

Vi ynskjer deg velkomen til å sende inn søknad, CV og relevante dokument via søknadsportalen.

Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med Ida Sørheim / 45 22 86 46 /ida.sorheim@efb.no

Ferdigheter
AI-generert

  • Akvakultur
  • Dataanalyse og rapportering
  • Fiskeoppdrett
  • Fiskeriforvaltning
  • Foring av fisk
  • Kameraovervåkning
  • Norsk
  • Stell av fisk

Om arbeidsgiveren

We're committed to leading a movement that redefines how we farm fresh, natural and sustainable seafood for ours and future generations. The Eide-group is a 3rd generation family-owned business with a vision to set the standard for the future of aquaculture. Eide produce healthy and sustainable seafood and is to our knowledge the world’s first and only CarbonNeutral® certified salmon producer. Through strategic initiatives such as Salmon Eye, Eide Sustainable Marine Technology, and WaterMoon we furthermore challenge the status quo towards a more sustainable seafood production.

The people working at Eide are our backbone. Their concern is for the fish, each other, and the future. Every year we sell approximately 4,5 million salmon to markets all over the world. That’s 90 million meals! We are currently working towards further developing our offering and aim to sell a wide variety of healthy and sustainable seafood products in the future.

Salmon Eye opened on September 2nd 2022, and is a state-of-the-art monument in the middle of the spectacular Hardanger Fjord. Salmon Eye is a forum meant to inspire and inform the world on how to better feed the planet with sustainable seafood. Visually stunning, with it’s double curved ellipsoid design, Salmon Eye is one of the world’s largest enterable floating art installations. Our aim is to see aquaculture in a new evolutionary way.

Eide Sustainable Marine Technology is currently developing break-through innovations within aquaculture. The new WaterMoon technology is developed in ESMT and is an important strategic part of the Eide group, enabling us to produce in a revolutionary way. The initiative will enable a paradigm shift in our industry and set a new standard for aquaculture.

At Eide we have a flat organizational structure, and you will join a very innovative and forward-thinking team. The Eide group is characterized by goal orientation and a strong sports mentality, and we believe that hard work and fun goes hand in hand. Our passion for producing healthy, sustainable, and tasty seafood for ours and future generations is visible throughout our organization.

To learn more about us visit us at www.efb.no
  • Sektor: Privat
  • Sted: Støavegen, 5640 Eikelandsosen
  • Bransje: Fiskeri og oppdrett
  • Stillingsfunksjon: Analyse, Driftsoperatør/vaktmester, Produksjon

Nøkkelord

akvakultur, havbruk, Fôring, fiskehelse, biologi

(1/2)

  • Bilde 1 av 2 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 2 av 2 i jobbannonse-galleriet
Eide Fjordbruk logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Ida Sørheim
  • Mobil: 91 81 40 68
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med Eide Fjordbruk
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Eide Fjordbruk

276 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Støavegen, 5640 Eikelandsosen

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 466440608
  • Sist endret 9.6.2026, 11:16
Rapporter annonse