Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Osterøy

Bu- og avlastingstenesta søkjer etter ferievikarar

Osterøy kommune

  • Frist 23.6.2026
  • Ansettelsesform Sommer/Sesong
Om stillinga

Sommaren er ikkje så langt unna, og då treng vi ferievikarar som kan gjere sommerdagane gode for brukarane våre.

Vi søkjer etter deg som liker å arbeide tett på mennesker og som vil vere med å bidra til aktive, opplevingsrike og meiningsfulle dagar for våre tenestemottakarar. Det er også viktig at du er ein som kan gi trygg og god hjelp i faste kvardagsrutinar.

Bu- og avlastingstenesta gjer tenester til personar i alle aldre med ulike funksjonsnedsettingar, utviklingshemming, autismespekter diagnosar og samansette utfordringar. Eininga består av 5 bufelleskap, 5 bustadar, avlastingstilbod og dagtilbod. Vår målsetting er å bidra til gode dagar ut i frå den einskilde sine eigne føresetnader, ynskjer og behov. 

Arbeidsstadane i eininga har ulike turnusar: nokon stader har dei kortvakter på dag og kveld, og/eller langvakter (inntil 14 timar), stundom kombinert med nattevakter, og nokon stader arbeider dei 2-3 døgnvakter med påfølgande 7 dagar fri. For alle stillingane vil det vere turnusarbeid med arbeid inntil kvar.2 helg i perioden. 

Dersom du er ein som er nysgjerrig på eller ynskjer eit arbeid innanfor helse og omsorg vil du kunne få nye erfaringar og moglegheit til å lære hos oss. Det vil bli laget turnusar med arbeid inntil 100% i perioden ein kan jobbe. Det vil også vere god moglegheit for helgestilling eller arbeid som tilkallingsvikar etter endt ferievikariat. 


Vi tilbyr
  • Ein spanande og gjevande sommarjobb saman med flotte folk!
  • Godt arbeidsmiljø i eit kompetent fagmiljø
  • God opplæring vil bli gitt på den enkelte arbeidsplass
  • Obligatoriske e-læringskurs må gjennomførast før oppstart i stillinga i tillegg til fysisk kurs i legemiddelhandsaming
  • Løn etter gjeldande tariffavtale, avhengig av godkjent utdanning og ansiennitet

Arbeidsoppgåver
  • Bidra til å skape trygghet og trivsel i brukar sin heim.
  • Dagleg omsorg og miljøarbeid i tenesta til den einskilde.
  • Hjelp, rettleiing og støtte til daglege aktivitetar.
  • Bidra til at brukar opplever å vere sjefen over sine dagar.
  • Bidra til utvikling og meistring gjennom gode opplevingar.
  • Delta i legemiddelhandtering ved behov.
  • Journalføring og dokumentasjon.
  • Praktiske gjeremål i bustaden og andre delegerte oppgåver frå leiar.

Kompetanse
  • Interesse for arbeid med mennesker med utviklingshemming.
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå brukergruppa, men ikkje eit krav.
  • Personlig egnethet vektlegges høyt.
  • Det er påkrevd med gyldig politiattest ved tiltreding.
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norks skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk.
  • Ynskjeleg med førarkort kl.B.

Kven er du?
  • Du er punktlig og til å stole på.
  • Du er ansvarsbevisst.
  • Du er nysgjerrig, open og har evne til å reflektere.
  • Du er god på å samarbeide med andre.
  • Du har gode kommunikasjonsferdigheter og er lett å prate med.
  • Du er påliteleg, engasjert og ynskjer å bidra til gode opplevingar for våre brukarar!
  • Du er fleksibel og gjør det som trengs.
  • Du er lojal mot felles beslutningar.
  • Du spør når det er noe du er usikker på.
  • Du har god skriftleg framstillingsevne og har gode datakunnskapar.

Anna informasjon
  • Du som søkjer må helst vere over 18 år.
  • Du må kunne arbeide 4 veker samanhengande mellom veke 26 og 33
  • Vi vil fortløpande ta kontakt med aktuelle kandidatar. Om du blir valgt ut vil du bli kontakta direkte av leiar på den aktuelle arbeidsstaden.

Offentleg tenestepensjon

 I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! 

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! 

Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg! 


Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 466436150
  • Sist endret 9.6.2026, 12:44
Rapporter annonse