Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Tysnes

Lønsmedarbeidar

Tysnes kommune

  • Frist 24.6.2026
  • Ansettelsesform Fast
Er du effektiv, nøyaktig og er god på lønn?

Me søker etter ein strukturert og engasjert kollega med relevant erfaring frå lønsarbeid.

I Tysnes kommune jobbar me kvar dag for å levere gode tenester til innbyggarane våre, for å få til det treng me dyktige medarbeidarar. No søker me ein engasjert og nøyaktig lønsmedarbeidar som vil bidra til trygg og korrekt løn for tilsette i heile organisasjonen. 

Som lønsmedarbeidar hos oss får du ei sentral rolle i eit kompetent og hyggeleg arbeidsmiljø der me deler kunnskap, speler kvarandre gode og har eit felles mål: å levere korrekte og punktlege lønnstenester som tilsette kan stole på. Dette er ein jobb for deg som liker struktur, trivst med tal og system, og som ønsker å vere med på å sikre føreseielegheit og kvalitet i lønsarbeidet. Løn består av to lønskonsulenter, og har eit tett samarbeid med personal. Stillinga rapporterer til økonomisjef.


Arbeidsoppgåver
  • Lønsarbeid fra A til Å.
  • Sikre at lønsarbeidet er i tråd med gjeldande lover og regler.
  • Vedlikehald og oppdatering av lønssystem.
  • A-melding og pensjonsrapportering (SPK/KLP).
  • Handsaming av sjukemelding, fråvær, og refusjoner.
  • Kommunikasjon eksternt og internt, rettleiing og leiarstøtte.
  • Sakshandsaming innan løns- og personalområdet.
  • Vidareutvikling av fagområde med fokus på å forbetra prosessar, digitalisera, og automatisera.

Andre oppgåver kan bli tillagde stillinga. Med få tilsette er det ei forventning at alle bidreg til at oppgåver blir løyst på best mogleg måte.


Kompetansekrav
  • Relevant utdanning, minimum fagbrev i kontorfag.
  • Lang erfaring kan kompensere frå utdanningskravet.
  • God kjennskap til lønsarbeid, helst innan offentleg sektor.
  • Erfaring med bruk av relevant lov- og avtaleverk.
  • God økonomi- og talforståing.
  • God systemkunnskap og IKT-kompetanse.
  • Gode kommunikasjonsevner både munnlege og skriftlege. Målforma i Tysnes kommune er nynorsk.

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som

  • er strukturert og detaljorientert.
  • evner å arbeide sjølvstendig.
  • er initiativrik og proaktiv i arbeidet med vidareutvikling og effektivisering av prosessar.
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • er fleksibel og løysingsorientert.

Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt.


Kvifor skal du jobba hos oss?

Dersom du liker ein variert arbeidsdag der du må halde fokus, vere nøyaktig og levere på tid, trur me at vil trivast hos oss. Me kan tilby ei spennande og sjølvstendig stilling der du kombinerer fagleg ansvar med utvikling av digitale prosessar. Du blir ein del av eit engasjert og kompetent fagmiljø der medarbeidarane er stolte av jobben sin og opptekne av å levere tenester med høg kvalitet. Du vil samarbeide tett med kollegaer i avdelinga og ha ei brei kontaktflate mot leiarar og tilsette i ulike avdelingar i Tysnes kommune.

Tilsetting hos oss gir deg medlemskap i KLP - Kommunal Landspensjonskasse. Det inneber mellom anna at du får ei av dei beste pensjonsordningane i Noreg, samt høve til å søke om bustadlån med gunstige vilkår.

Stillinga har fleksibel arbeidstid med sommar- og vintertid.

Du får løn etter kvalifikasjonar, plassert i kapittel 4 (0–16 års ansiennitet), med årlege justeringar gjennom sentrale og enkelte år òg lokale forhandlingar. Som tilsett får du medlemskap i KLP, som gir ei av dei beste pensjonsordningane i landet og moglegheit for bustadlån på gode vilkår.

I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennomLånekassen si nye ordning for distriktskommunar. 

Synes du dette verkar som ei spennande stilling eller det er noko du lurar på etter å ha lest annonsen? Ta gjerne kontakt med kontaktpersonane i annonsen.


Informasjon til søkar

Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.

Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.

Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.


Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 466332938
  • Sist endret 8.6.2026, 12:53
Rapporter annonse