Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Askøy

Undervisningsstilling

OPK-AO - Avd. Teknikk- og industrifag, Vestland fylkeskommune

  • Frist 21.6.2026
  • Ansettelsesform Fast

Trivst du med ungdom, er engasjert i faget ditt og opptatt av å sikre gode og kvalifiserte yrkesutøvarar for framtida?

Askøy videregående skole har ledig ein fast stilling og eit vikariat, som lærarar på avdeling for teknologi- og industrifag. Stillingane er ledige frå 1. august 2026. 
Vi oppmodar kvinner om å søkje.

Det kan også vere aktuelt med kortare vikariat, og vi har behov for tilkallingsvikarar. Ta kontakt med oss dersom dette er aktuelt!

Askøy videregående skole har omlag 750 elevar og 120 tilsette, fordelt på følgjande utdanningsprogram: Bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, helse- og oppvekstfag, teknologi- og industrifag, studiespesialisering og påbygging til generell studiekompetanse. I tillegg tilbyr skulen individuelt tilrettelagt opplæring i eigne grupper.

Vi legg stor vekt på at fagopplæringa er i tråd med behov og krav i arbeidslivet, og at skule- og læringsmiljøet skal vere inkluderande, trygt og godt. Skulen fekk i 2023 nye verkstader i det nye bygget vårt, noko som gir oss eit mangfald av moglegheiter. Vi legg vekt på å utvikle inkluderande praksisar, med mål om at alle elevane våre skal få utvikle sitt potensiale, og ha eit godt utbytte av opplæringa. Vi har eit godt samarbeid med næringslivet, og arbeider aktivt med å utvikle dette for å kunne gje elevane våre relevant og god opplæring. 


Arbeidsoppgåver

Stillingane er 100 % stillingar med undervisning i utdanningsprogrammet teknologi og industrifag

Stillingane vil innebere undervisning på Vg1 teknologi og industrifag og/eller Vg2-nivå i programområde for industriteknologi.

Det vil bli aktuelt med kontaktlærarfunksjon i tillegg til undervisning.

Du har som lærar ansvar for oppfølging av elevar, og å støtte dei i deira faglege, sosiale og personlege utvikling. For elevar under 18 år er samarbeidet med føresette ein viktig del av denne oppfølginga, spesielt for kontaktlærar. Kontaktlærar skal samtidig koordinere arbeidet rundt klassen og enkeltelevar, i tett samarbeid med faglærarane i klassen. 

Du samarbeider med kollegaer og leiing i profesjonsfellesskapet, og med opplæringskontor og næringsliv om formidling av læreplass til elevane. 

Du held deg orientert om utviklinga i bransjen og i fag- og yrkesopplæringa.

Kvalifikasjonar

For desse stillingane er det krav om fagbrev og yrkespraksis i fag som er relevant for programområdet.

Det er ønskjeleg med: 
- Undervisningserfaring.
- Erfaring i bruk av IKT og varierte digitale undervisningsmetodar.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.

 

Forskrift til opplæringslova § 12-8 skildrar krav for å bli tilsett i lærarstilling i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa. Fylkeskommunen skal sørgje for at dei som skal tilsettast oppfyller eitt av desse krava:

a) Du har yrkesfaglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.

b) Du har universitets- eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 180 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 12-1. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.

c) Du har faglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.

d) Du har fag- eller sveinebrev eller bestått anna yrkesfagleg vidaregåande opplæring. I tillegg må du ha to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå og fire års yrkespraksis etter fullført vidaregåande opplæring. Slik bakgrunn kvalifiserer for tilsetting i fag som utdanninga eller bakgrunnen er relevant for. Det krevst også pedagogisk utdanning i samsvar med § 12-1.

e) Du har lærarutdanning med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å gi individuelt tilrettelagd opplæring eller dersom det er ønskjeleg ut frå behova til elevane.

Dei som ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag har fått godkjent kravet om to års relevant yrkesteoretisk utdanning på grunnlag av realkompetanse, oppfyller kravet om to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå i første ledd bokstav d.

Dersom du manglar delar av utdanningskravet blir start- og sluttidspunkt av utdanninga avtalt med leiar.

Personlege eigenskapar

  • Du er inkluderande i møte med elevane, og oppteken av verdien av mangfald blant elevane.
  • Du har god pedagogisk forståing, og har blikk for elevane sine sterke sider.
  • Du er engasjert og positiv, og legg til rette for variert undervisning.
  • Du tek initiativ til samarbeid, men er òg sjølvstendig i eige arbeid.
  • Du er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, og tar ansvar for å utvikle avdelinga sitt samla tilbod til elevane.
  • Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, miljøarbeidarar, lærarar og andre hjelpeinstansar i laget rundt eleven.

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.

Alle som skal tilsettast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.

Vi tilbyr

  • Eit aktivt og stimulerande fagmiljø på ein skule i utvikling, med eleven i fokus.
  • Gode høve til eiga læring og utvikling i eit profesjonelt læringsfellesskap.
  • Moglegheit til å vere med å utvikle fagtilbudet ved skulen.
  • Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk. Det kan bli vurdert eigne vilkår for å rekruttere særskilt kritisk kompetanse.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Kontaktinformasjon

Heidi Karin Willesvik, Avd leiar, 95784259

Berit Karin Øydvin Nilssen, Rektor              , 41315749

Arbeidsstad

Søre Myrane 13

5300 Kleppestø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune


Referansenr.: 5142709535

Stillingsprosent: 100%

Fast, Vikar

Startdato: 01.08.2026

Sluttdato: 31.07.2027

Søknadsfrist: 21.06.2026

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Søre Myrane 13, 5300 Kleppestø

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 466324935
  • Sist endret 8.6.2026, 10:44
Rapporter annonse