Psykologspesialist
Bufetat
- Frist 28.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Psykolog søkas – bli ein del av vårt leiande fagmiljø på tidleg samspel
Om stillinga og arbeidsstaden
Ved Senter for foreldre og barn i Stavanger har vi ledig fast stilling som psykologspesialist i 100 % stilling.
Ved Senter for foreldre og barn i Stavanger jobbar vi kvar dag for at barn i sine mest sårbare år skal få det dei treng for å vekse og utvikle seg. Vi møter familiar som står i krevjande situasjonar, og vi jobbar med kartlegging, samspelobservasjon, rettleiing og behandlingsarbeid - alltid med barnet sitt perspektiv som kompass.
Senteret i Stavanger er eitt av tre senter med døgnavdelingar i Bufetat region vest. Barna i målgruppa er 0-6 år, med prioritering av 0-2 år. Kjerneoppgåva er å bistå kommunale barnevernstenester med spesialisert utgreiing i barnevernstenesta si undersøking etter lov om barnevern §§ 2-2/2-3.
Senteret kan òg tilby omsorgsendrande hjelpetiltak etter lov om barnevern § 3-1, med fokus på utvikling av foreldreferdigheiter og å styrkje tilknytinga mellom foreldre og barn. Senteret jobbar både heimebasert, i dagtilbod og døgnbasert.
Her er vi eit tverrfagleg miljø som tek fag på alvor, men som òg veit at ein god latter innimellom gjer oss til betre hjelparar. Du vil jobbe saman med folk som stiller opp og støttar kvarandre. Her deler vi kunnskap og søker å utvikle kompetansen, vi stiller spørsmål, utfordrar og vi vil kvarandre vel.
Arbeidsoppgåver
Dette får du jobbe med hos oss:
- Bistå teama i utgreiing og hjelpetiltak etter barnevernlova §§ 2-2, 2-3 og 3-1.
- Bistå teama i utgreiing med analysar og vurderingar av omsorgssituasjonen; foreldra si fungering, barnet si utvikling og samspel.
- Oppgåver knytt til standardisert forløp for utgreiing av omsorgssituasjonen til sped- og småbarn.
- Kvalitetssikring av utgreiingsarbeid og kartleggingsverktøy.
- Utføre relevante og kunnskapsbaserte metodar i barnevernsfagleg arbeid.
- Bistå med fagleg kompetanse til senteret sine tilsette og i samarbeidsmøte.
- Vere ein pådrivar for høg kvalitet og fagleg utvikling hjå oss.
- Rettleiing av tilsette.
- Samarbeid på tvers med andre psykologer i eininga.
- Bistå andre senter i eininga ved behov.
Kompetansekrav
Må-krav:
- Autorisert psykolog med godkjend spesialistutdanning
- aller helst innan klinisk barne- og ungdomspsykologi, familiepsykologi, samfunnspsykologi, men klinisk vaksen vil også være aktuell.
- Erfaring frå arbeid med familiar med sped- og småbarn.
- Erfaring med utgreiing og rettleiing.
- Erfaring med foreldra si psykiske fungering og familiar i risiko.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter og ei trygg rolleutøving.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
- Har normalt gode digitale ferdigheiter og forståing.
- Sertifikat for personbil.
- Sertifisering/ferdigheiter i relevante metodar i barnevernsfagleg arbeid.
Bør-krav:
- Psykologfagleg erfaring knytt til utgreiingsarbeid og tiltaksarbeid med sped- og små barn.
- Rettleiings- og undervisningserfaring.
- Har ei allsidig og brei erfaring, og samtidig eit særskilt engasjement for dei minste barna.
Personlege eigenskapar
Kven ser vi etter:
Vi ser etter deg som har lyst til å bringe psykologfaget tydelegare inn i barnevernsarbeidet, som bringar nye perspektiv og idear inn i teamet og kan utfordra etablert praksis.
Du er lærevillig òg nysgjerrig og villig til å utvikla deg saman med resten av teamet.
Du har erfaring frå arbeid med dei minste barna og foreldra deira, og du trivst i skjæringspunktet mellom kartlegging, samspel, utviklingspsykologi og rettleiing.
Og du er typen som både kan vere varm og tydeleg i møte med familiar og samarbeidspartnarar - og som toler at ingen dagar er heilt like.
Kva får du hos oss?
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1304 psykolog med godkjent spesialitet p.t. kr 850 000 - 930 000.
- Løn og stillingskode blir vurdert etter utdanning og erfaring. Høgare løn kan bli vurdert ved særskild kompetanse.
Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.
Elles kan vi tilby:
- Ein meiningsfull jobb der du verkeleg ser at arbeidet ditt betyr noko.
- Eit fagmiljø som verdset kompetanse og samarbeid, som både utfordrar og heiar.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling og rettleiing.
- Varierte arbeidsoppgåver.
- Fleksibel arbeidstid.
- Du kan trene éi time per veke i arbeidstida.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi små barn og familiar eit endå betre tilbod - og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv!
Opplysningar til deg som søkjar
- Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
- Stillinga er for tida lagd til Senter for foreldre og barn.
- Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. Familievernkontorloven § 2 a, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
- Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok.
- Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Kva skal søknaden din innehalde?
For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik.
Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.
Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Analyser samhandling mellom foreldre og barn (psykologi)
- Familiepsykologi
- Klinisk psykologi
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.
I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.
Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg.
Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Torleiv Kvalviksgate 9, 4022 Stavanger
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykolog
Annonseinformasjon
- FINN-kode 466311901
- Sist endret



