Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Fitjar

Matros i sambandet Husavik-Sandvikvåg

Maritim Drift, Fjord1 AS

  • Frist 22.6.2026
  • Ansettelsesform Fast

Fjord1 har ledig stilling som matros i sambandet Husavik-Sandvikvåg, på vår flotte el-ferje MF Husavik.

På dette sambandet jobbar ein døgnskift - du er om bord 1 døgn og har fri 1 døgn i 12 dagar. Deretter har du 9 dagar samanhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Husavik eller Sandvikvåg, då rederiet ikkje har bofasiliteter det døgnet ein har fri.

Som matros blir du ein del av eit dyktig team som sørgjer for trygg og effektiv drift. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal. Hos oss får du ein variert kvardag saman med gode kollegaer.

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!

Tilsetjing skjer etter avtale, med ønske om oppstart juli. Vi vurderer kandidatar fortløpande.


Arbeidsoppgåver

  • Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
  • Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
  • Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
  • Oppgåver knytt til alarminstruks
  • Verne- og miljøarbeid
  • Kundehandsaming

Kvalifikasjonar

  • Ferdigheitssertifikat matros.
  • Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring.
  • Ferdigheitssertifikat for hurtiggåande MOB-båt.
  • Krise- og passasjerhandtering.
  • Gyldig helseerklæring.
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig.

Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter en pålitelig og løsningsorientert matros som trives med å jobbe i team, og setter sikkerhet og service på topp. Vilje til å lære og stå på er og viktige egenskaper. Om dette beskriver deg som person, tar vi gledeleg imot din søknad.

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjømannsforbund.
  • Fast ansettelse i eit solid og anerkjend rederi.
  • Døgnvakt - 12 dagar på og 9 dagar av.
  • Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø.
  • Attraktive velferdsordningar: Firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar.

Kontaktinformasjon

Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no

Arbeidsstad

E39 13

5419 Fitjar

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS


Referansenr.: 5140990171

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 22.06.2026

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

E39 13, 5419 Fitjar

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 466035910
  • Sist endret 8.6.2026, 08:19
Rapporter annonse