Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Stad

Barnehagelærarar på Stadlandet

Leikvang barnehage, Stad kommune

  • Frist 18.6.2026
  • Ansettelsesform Fast

Stad kommune har ledig ei 100 % fast stilling og eit 100 % vikariat som barnehagelærar i Leikvang barnehage. 

Leikvang barnehage ligg på Leikanger, Stadlandet. Det er gangavstand til skule, fotballbane og andre fritidsområde. Naturen har vi rett utanfor barnehagen, med kort veg til både fjell og fjøre. Barnehagen har tre avdelingar; ei småbarnsavdeling med barn 1-3 år og to storbarnsavdelingar med born 3-5 år. Det er om lag 58 born og 15 tilsette i barnehagen.   

  • Vi ønskjer å skape ein god og trygg kvardag for barn, foreldre og tilsette
  • Vi ønskjer å møte det einskilde barnet og familien med openheit og respekt
  • Vi ønskjer at kvardagane skal vere prega av glede og humor    

Vil du være med å skape ein trygg, lærerik og inspirerande kvardag for barna? Vi søkjer deg som brenner for leik, læring og relasjonsbygging, og som ønsker å bidra til eit inkluderande og godt barnehagemiljø.


Arbeidsoppgåver

  • Arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske utviklingsarbeidet i barnehagen
  • Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
  • Planlegge og gjennomføre den daglege oppfølginga av barna
  • Samarbeide med føresette, interne og ekstrene samarbeidspartnarar
  • Samarbeide med øvrige tilsette
  • Rettleiingsansvar for øvrige tilsette

Kvalifikasjonar

  • 3-årig høgskuleutdanning som barnehagelærar/førskulelærar
  • Andre søkjarar med fagbrev innan barne- og ungdomsarbeiderfaget/ helsefag eller med relevant erfaring kan bli vurderte 

Personlege eigenskapar

  • Du har gode evner til kommunikasjon på norsk, munnleg og skriftleg
  • Du tek initiativ og har gode evner til samarbeid, og du kan jobbe sjølvstendig
  • Du har evne til å sjå det enkelte barnet
  • Du har evne til å handtere ei større barnegruppe
  • Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell
  • Du kan kommunisere med menneske med ulike kulturell bakgrunn, ulike livssyn og ulik sosial bakgrunn

Vi tilbyr

  • Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
  • Godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige medarbeidarar
  • Godt og nært fagleg samarbeid
  • Løns-og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden. Vi ønskjer at du oppgir referansar.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Har du spørsmål om barnehagen kan du ta kontakt med styrar Evy Henriette Hagen på tlf: 90 96 37 35.

Kontaktinformasjon

Evy Henriette Hagen, styrar Leikvang barnehage, 90963735, evy.henriette.hagen@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Fv620 100

6750 Stadlandet

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune


Referansenr.: 5141302504

Stillingsprosent: 100%

Fast, Vikar

Søknadsfrist: 18.06.2026

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Fv620 100, 6750 Stadlandet

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 466031274
  • Sist endret 8.6.2026, 08:10
Rapporter annonse