Ferievikarar i Tilrettelagte tenester
Øystre Slidre kommune
- Frist 21.6.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Ynskjer du deg ein jobb med meining og varierte arbeidsdagar i eit godt fagmiljø? Tilrettelagte tenester yter tenester til menneske med ulike bistandsbehov i alle aldrar.
På grunn av endra behov i tenesta, søkjer vi fleire ferievikarar til sommaren 2026. Oppstart er fortrinnsvis no i juni, og det er moglegheit for å jobbe utover hausten.
Om du er nysgjerrig på å arbeide i tenesta, er dette ei flott muligheit til å prøve seg!
Aktuelle søkjarar vil bli kontakta fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid i bustad for menneske med utviklingshemning og ulike bistandsbehov og funksjonsvariasjonar
- Utøve målretta miljøarbeid
- Hjelpe og veilede tenestemottakarar i daglege gjeremål og vere med på fritidsaktivitetar
- Medikamenthandtering
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som helsefagarbeider eller annan relevant fagutdanning er ein fordel. Andre kan og søke.
- Kjennskap til målretta miljøarbeid er ein fordel, men opplæring vil bli gitt.
- Evne til å arbeide målretta etter tiltak
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Førarkort for bil er ein stor fordel
- Godkjent politiattest må framleggast før du startar
Personlege eigenskapar
- Du må vere etisk reflektert, møte alle med respekt og ha brukaren sin sjølvstendigheit i fokus
- Evne til å jobbe sjølvstendig og i team, ta initiativ, vere løysningsorientert og lærevillig
- Positiv, ansvarsbevisst og ha gode samarbeidsevne
- Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar
- Me oppfordrar særleg unge frå 18 år og oppover som er nysgjerrige på tenesta til å søkje
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med mange fagleg dyktige tilsette
- Nødvendig opplæring og rettleiing
- God pensjonsordning
- Lønnsuttelling for relevant vidareutdanning
Kontaktinformasjon
Maren Hvitmyhr, Avdelingsleiar Tilrettelagte tenester, +47 90074703Arbeidsstad
Brennebakkin 32940 Heggenes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 5141002067
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 21.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 466030181
- Sist endret

