Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Voss

Er du barnehagelærar?

Voss herad Bolstad barnehage

  • Frist 21.6.2026
  • Ansettelsesform Vikariat

Bolstad barnehage søkjer engasjert pedagog med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for born. Me ser etter deg som ynskjer å bidra til at borna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar gjennom leik og aktivitetar kvar dag i barnehagen. Me legg stor vekt på at leiken skal ha ein sentral plass og bli prioritert i barnehagekvardagen vår.

Me har ledig: 

  • 40 %  barnehagelærar for barnehageåret 2026 -2027

Tidsrom:

  • Frå 01.08.2026 -31.07.2027

Me tilbyr: 

  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Ein kultur der me delar kunnskap og erfaring med kvarandre
  • Gode kollegaer og eit positivt arbeidsmiljø 
  • Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar 
  • Løn etter kommunalt avtaleverk 

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av det pedagogiske arbeidet
  • Utvikla og ivareta eit godt samarbeid med born og føresette
  • Vera bindeledd mellom barnehage og heim og andre faginstansar
  • Sørgja for eit trygt og inkluderande barnehagemiljø
  • Være ein aktiv deltakar og bidragsytar i barnehagen sitt læringsmiljø 

 Kvalifikasjonar:

  • Du som skal tilsetjast må ha utdanning som barnehagelærar eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk
  • Andre søkjarar kan bli vurdert

 Den som blir tilsett må leggja fram godkjent politiattest

Me ynskjer deg som

  • er målretta og fleksibel, som forstår barn sine behov og har evne til å byggja relasjonar 
  • er blid, omgjengeleg og ein god lagspelar
  • er varm og grensesetjande
  • er utadvent med evne til å kommunisera godt både skriftleg og munnleg 
  • har god evne til samarbeid og søkja felles forståing 

Informasjon om barnehagen:
Bolstad barnehage er ein 1-avdelingsbarnehage på Bolstad, ca. 30 minuttar frå Voss sentrum. Me har 14 barn i alder 1 – 5 år. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Voss tinghus, 5700 Voss

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 465922668
  • Sist endret 5.6.2026, 09:54
Rapporter annonse