Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bergen

Ambulerande matros i Vestland

Maritim Drift, Fjord1 AS

  • Frist 19.6.2026
  • Ansettelsesform Fast

Dersom du ønskjer ein jobb der ingen dagar er heilt like, og der du får både utfordringar og utviklingsmoglegheiter, er dette stillinga for deg.

Fjord1 har no ledig stilling som matros i ressursgruppa for våre samband i region Vestland. Du får fast turnus og grunnlønn, med ei ordning på to veker arbeid og to veker fri. Vi tilbyr gode arbeidsvilkår med 84-timars arbeidsavtale. 

Som ambulerande matros vil du vere utsjekka på både hovudfartøy og reservefartøy, og du vil tenestegjere på ulike samband etter behov. Arbeidskvardagen blir variert, med ulike fartøy, ruter og utfordringar, noko som krev at du er erfaren, dyktig og trygg i rolla som matros. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk, og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal. 

For å kunne utføre stillinga må du disponere eigen bil, då du vil ha teneste på ulike samband i regionen. Du vil få ein fast avløysingsavtale der arbeidsgjevar dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad.

Ønskeleg med oppstart august.


Arbeidsoppgåver

  • Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
  • Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
  • Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
  • Oppgåver knytt til alarminstruks
  • Verne- og miljøarbeid
  • Kundehandsaming

Kvalifikasjonar

  • Ferdigheitssertifikat matros
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Skandinaviske språkkunnskaper, muntlig og skriftlig

Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein erfaren, påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med samarbeid, men som òg kan ta ansvar og jobbe sjølvstendig når situasjonen krev det. Du set alltid tryggleik og service først, har evna til å tenkje raskt og finne gode løysingar, og viser vilje til å lære og stå på når det trengst.

    Vi tilbyr

    • Konkurransedyktig lønn etter avtale mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjømannsforbund.
    • Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap.
    • Skiftordning: 84t avtale, 2 veke på og 2 veker av.
    • Ein bur om bord når ein er på vakt, og får dekka reisekostnader til og frå arbeid over 15 km.
    • Attraktive velferdsordningar: Firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar

    Kontaktinformasjon

    Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no

    Arbeidssted



    5035 Bergen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Fjord1 AS


    Referansenr.: 5140441031

    Stillingsprosent: 100%

    Fast

    Søknadsfrist: 19.06.2026

    Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

    Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

    Firmaets beliggenhet

    5035 Bergen

    Kart

    Annonseinformasjon

    • FINN-kode 465905297
    • Sist endret 5.6.2026, 09:05
    Rapporter annonse