Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bergen

Sjukepleiestudentar som pleieassistent på Gastrokirurgen 

Post 1 gastrokirurgi nedre, Helse Bergen HF, Kirurgisk klinikk

  • Frist 19.6.2026
  • Ansettelsesform Fast

Vi har ledige faste helgestillingar for sjukepleiarstudentar ved Kirurgisk Klinikk post 1.

Kirurgisk Klinikk post 1 er ein del av avdeling for Gastro- og akuttkirurgi, og tar hand om pasientar med sjukdommar i heile mage-tarmsystemet. 

Post 1 har 40 senger og ca 69 årsverk. Posten har ein høg andel elektive pasientar, og mange er alvorleg sjuke. Vi jobbar mye med innovasjons og forbetringsprosjekt.

Dei tilsette jobbar aktivt med ressurspersonoppgåver og vi jobbar heile tida med å heve vår faglege kompetanse. Pleieassistentar jobbar i team med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleieassistenter på posten, samtidig som ein jobbar tverrfagleg med kirurgar, fysioterapeutar og anna personale.

Dette er ein spennande, lærerik, travel og fantastisk avdeling å jobbe på. Som pleieassistent hos oss vil du raskt opparbeide deg eit godt klinisk blikk, jobbe i eit godt arbeidsmiljø og ved nokre anledningar få øve på prosedyrar.

Pleieassistentar jobbar i todelt turnus, men ved ekstravakter kan ein få tilbod om nattevakter.


Arbeidsoppgåver

  • Pleie til kirurgiske pasientar, pre- og postoperativt
  • Pleie til palliative pasientar
  • Pleie til pasientar som kjem inn som øyeblikkeleg hjelp

Kvalifikasjonar

  • Meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Ha relevant pleieerfaring, eller vore hos oss i praksis som sjukepleiarstudent eller i praksis som helsefagarbeidar
  • Vere student med helsefagleg bakgrunn

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert
  • Tilpassingsdyktig
  • Ansvarsbevisst
  • Fleksibel
  • Gode kommunikasjonseevner
  • Vere ein god teamarbeidar
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Like varierte utfordringar
  • Sjølvstendig
  • Engasjert

Vi tilbyr deg

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Sjukepleiefagleg rettleiing

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Anette Haatuft Haugland, Seksjonsleiar Øvre, 55973408

May-Britt Sudmann, Seksjonsleiar Nedre , +47 55973402

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF


Referansenr.: 5140959388

Stillingsprosent: 15%

Fast

Startdato: 10.08.2026

Søknadsfrist: 19.06.2026

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 465893765
  • Sist endret 5.6.2026, 08:28
Rapporter annonse