Her er du

FINN/Jobb/Søk/Rogaland/Vindafjord

Er du ein profesjonell vaksen som set læring og trivsel høgt i eit inkluderande felleskap?

Vindafjord kommune Ølen skule

  • Frist 17.6.2026
  • Ansettelsesform Fast

Vil du vera med å skape eit trygt, inkluderande og utviklande læringsmiljø for elevane våre? Me treng lærar i 100% fast stilling ved Ølen skule. Søk jobb hjå oss!

Kva får du jobba med hos oss?

  • Ta ansvar for fag og klassar på mellomtrinn og/eller ungdomstrinn
  • Mogleg kontaktllæransvar
  • Vera med å utvikle gode rutinar på sosial samhandling for klasse og enkeltelevar

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. Som nyutdanna lærar vil du få ein eigen mentor.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk
  • Konkurransedyktig kontaktlærartillegg

Kvalifikasjonar:

  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk.
  • Godkjent undervisningskompetanse (kandidatar med annan kompetanse/erfaring kan søke, tilsetting blir då mellombels)
  • fagønsker: matematikk, naturfag og kroppsøving
  • Er ein fordel om du har erfaring eller kompetanse på individuell tilrettelagt opplæring 
  • Gode datakunnskaper

Personlege eigenskapar:

  • Du må vera god på samarbeid både med barn og vaksne
  • Vera ein autoritativ vaksen
  • Løysningsorientert og systematisk
  • Omsorgsfull, trygg og føreseieleg

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Litlehagen 15, 5580 Ølen

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 465891776
  • Sist endret 5.6.2026, 07:56
Rapporter annonse