Forskingsgruppeleiar - AI in Medical Imaging
Seksjon for forskning og utdanning, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 10.6.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Forskargruppa AI in Medical Imaging (AIMI) ved Helse Møre og Romsdal HF er ei internasjonalt retta og fagleg produktiv gruppe som arbeider i skjeringspunktet mellom kunstig intelligens, MR-fysikk og klinisk biletdiagnostikk. Gruppa har etablerte samarbeid med Stanford University, Oslo universitetssjukehus, NTNU, Norwegian Open AI Lab, Akershus universitetssjukehus og Stavanger universitetssjukehus, og har ein sterk tradisjon for å kombinere metodeutvikling med klinisk translasjon og rettleiing av studentar.
Grunnleggjaren og tidlegare leiaren for gruppa, som no er forskings- og utdanningssjef ved HMR, vil framleis vere fagleg involvert med 20 % avsett forskingstid. Vi søkjer ein vikar som kan ta det operative leiaransvaret og arbeide tett med han for å vidareutvikle gruppa. Dette er ei unik moglegheit for ein ambisiøs forskar som ønskjer å leie ei etablert og internasjonalt synleg gruppe i ein spennande vekstfase, med tett fagleg støtte frå ein erfaren forskar og leiar.
6017 Ålesund
Referansenr.: 5114916905
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Startdato: 01.07.2026
Sluttdato: 30.06.2027
Søknadsfrist: 10.06.2026
Grunnleggjaren og tidlegare leiaren for gruppa, som no er forskings- og utdanningssjef ved HMR, vil framleis vere fagleg involvert med 20 % avsett forskingstid. Vi søkjer ein vikar som kan ta det operative leiaransvaret og arbeide tett med han for å vidareutvikle gruppa. Dette er ei unik moglegheit for ein ambisiøs forskar som ønskjer å leie ei etablert og internasjonalt synleg gruppe i ein spennande vekstfase, med tett fagleg støtte frå ein erfaren forskar og leiar.
Arbeidsoppgåver
- Koordinere det faglege arbeidet i AIMI-gruppa og sikre framdrift i pågåande prosjekt
- Bistå med rettleiing av bachelor-, master- og ph.d.-studentar i gruppa, i tett samarbeid med forskings- og utdanningssjefen
- Planleggje og gjennomføre jamlege forskingsgruppemøte
- Arrangere gruppa sine to årlege hackaton – ein etablert fagleg tradisjon i AIMI
- Etablere nye forskingsprosjekt i forlenginga av gruppa sitt eksisterande forskingsprogram
- Utarbeide og sende inn søknader om ekstern og intern forskingsfinansiering
- Oppretthalde og vidareutvikle gruppa sine nasjonale og internasjonale forskingsnettverk
- Bidra aktivt i forskingsarbeidet, inkludert publisering i internasjonale fagfellevurderte tidsskrift
- Representere gruppa i relevante faglege forum, nasjonalt og internasjonalt
- Andre oppgåver som naturleg fell inn under rolla som forskingsgruppeleiar
Kvalifikasjonar
- Doktorgrad (ph.d.) innan relevant fagfelt, som kunstig intelligens, medisinsk biletdiagnostikk, medisinsk fysikk, informatikk eller tilsvarande
- Solid forskingserfaring etter doktorgrad, helst med gjennomført postdoktorperiode
- Erfaring frå store, etablerte forskings- eller teknologimiljø, nasjonalt eller internasjonalt
- Dokumentert publiseringsaktivitet i internasjonale fagfellevurderte tidsskrift
Ønskte kvalifikasjonar:
- Erfaring med å søkje om og forvalte ekstern forskingsfinansiering (til dømes frå Forskingsrådet, EU Horizon eller regionale helseføretak)
- Etablerte nasjonale eller internasjonale nettverk innan KI og medisinsk biletdiagnostikk
- Kjennskap til kliniske arbeidsflytar og forskingsstrukturen i helseføretaka
- Erfaring med tverrfagleg samarbeid mellom kliniske og teknologiske miljø
- Erfaring med prosjektleiing og koordinering av forskingsaktivitetar
- Erfaring med rettleiing av studentar og/eller forskarar
Personlege eigenskapar
- Du er fagleg sterk og sjølvstendig, med evne til å inspirere og motivere studentar og forskarar
- Du har gode leiar- og samarbeidsevner i eit tverrfagleg og internasjonalt miljø
- Du er strukturert, med sterk gjennomføringsevne og evne til å handtere fleire parallelle oppgåver
- Du er initiativrik og løysingsorientert
- Du har gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg, på norsk og engelsk
- Du er engasjert i å utvikle KI-forsking som bidreg til betre pasientbehandling og klinisk translasjon
- Du er genuint oppteken av å byggje og ivareta eit sterkt fagleg fellesskap
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Ei fagleg spennande og meiningsfull leiarrolle i ei etablert og internasjonalt synleg forskingsgruppe
- Tett fagleg samarbeid med forskings- og utdanningssjefen, som vil bidra med 20 % forskingstid og løpande fagleg støtte
- Eit aktivt og engasjert forskingsmiljø med bachelor-, master- og ph.d.-studentar samt erfarne forskarar
- Etablerte samarbeid med leiande miljø som Stanford University, NTNU, Oslo universitetssjukehus, Norwegian Open AI Lab, Akershus universitetssjukehus og Stavanger universitetssjukehus
- Ein levande gruppekultur med faglege tradisjonar som halvårlege hackathon og jamlege gruppemøte
- Moglegheit til å bidra aktivt i forsking med rom for publisering og fagleg utvikling
- Fleksible arbeidsforhold – stillinga er på 50 % og kan kombinerast med andre faglege aktivitetar
- Konkurransedyktige vilkår etter HMR sitt lønsregulativ
- Finansiering sikra for eitt år med moglegheit for forlenging i ytterlegare to år
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Kontaktinformasjon
Endre Grøvik, Forsknings- og utdanningssjef, endre.grovik@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5114916905
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Startdato: 01.07.2026
Sluttdato: 30.06.2027
Søknadsfrist: 10.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 465823217
- Sist endret



