Politioverbetjent Mangfaldskoordinator
Vest politidistrikt
- Frist 14.6.2026
- Ansettelsesform Fast
I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for førebygging, er det ledig stilling som politioverbetjent stillingskode 0287 med funksjon som mangfaldskoordinator.
Mangfaldskoordinator er ein del av dei førebyggande fagleiarane i politidistriktet. Stillinga skal bidra til eit ope og inkluderande politi som gjennom dialog og tillitsbygging utviklar og styrkjer gode relasjoner til alle deler av befolkninga. Mangfaldskoordinator skal ha eit særleg ansvar for dialog- og tillitsbyggjande arbeid retta mot minoritetsgrupper i distriktet, særleg grupper som er verna av bestemmelser om hatkriminalitet.
Stillinga vil ha ei sentral rolle i å utvikle, koordinere og følgje opp tiltak som fremjar dialog, fortåing og samarbeid mellom politiet og ulike grupper i samfunnet. Mangfaldskoordinatoren skal bidra til at arbeidet er kunnskapsbasert, målretta og forankra i politiet sine strategiar og prioriteringar.
Felles eining for førebygging (FF) er ei funksjonell eining som har fag- og koordineringsansvar for den førebyggande verksemda i politidistriktet. Eininga har eit særskilt ansvar for å sikre at førebygging er integrert i politiet sitt strategiske arbeid og at verksemda er kunnskapsstyrt. Felles eining for førebygging har ansvar for politidistriktet si samhandling med andre samfunnsaktørar på politidistriktnivå. Eininga består av to seksjonar, Statens Barnehus Bergen og Seksjon for førebygging. Driftseininga har om lag 30 tilsette med stor variasjon i erfaring, kompetanse, kjønn og alder.
Stillinga er stadsplassert i Bergen. Det må påreknast noko reise- og møteverksemd, også på ettermiddag og kveld.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter deg som er motivert og har svært gode samarbeidsevner. Du trivst med teamarbeid, bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø og har evne til å samarbeide på tvers av fag og organisatoriske nivå.
Du er dyktig på nettverksbygging, tek ein aktiv og synleg rolle i dialog med ulike interessegrupper og samarbeidsaktørar, og deler kompetanse og erfaring både internt i organisasjonen og eksternt mot samarbeidspartnarar.
Vi ønskjer søkjarar som er ansvarsbevisste, sjølvstendige og samfunnsorienterte, med god forståing for mangfaldsarbeid, førebygging og strategisk utviklingsarbeid. Du er positiv, utadvendt og handlekraftig, og har evne og vilje til endring og omstilling i takt med nasjonal fag- og metodeutvikling.
Vidare ser vi etter deg som er kreativ og nytenkjande, og som evnar å sjå problemstillingar frå fleire perspektiv. Du arbeider strukturert og analytisk, og handterer komplekse oppgåver på ein systematisk og målretta måte.
Som medarbeidar i politiet er du modig og heilskapsorientert. Du viser respekt, er tett på og opptrer profesjonelt i alle samanhengar. Du er ein god ambassadør for politiet gjennom haldningar, åtferd og handlingar i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lyttande og tillitsskapande i møte med publikum og samarbeidspartnarar er avgjerande for å lukkast i rolla.
Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
Arbeidsoppgåver
- Ha eit særleg ansvar for dialog og tillitsbygging opp mot minoritetsgruppene og interessegruppene i distriktet som særskilt er verna av bestemmelser om hatkriminalitet.
- Vere politidistriktet sin faglege koordinator for mangfoldskontaktar, og sikre heilskapleg og koordinert oppfølging av fagfeltet.
- Vere ein fagleg ressursperson innan ekstern mangfalds- og dialogverksemd for eiga eining, leiinga og øvrige einingar i politidistriktet.
- Ha tett samhandling med radikaliseringskontakt, førebyggarar og politikontakter i politidistriktet
- Bidra til at politiet opptrer og kommuniserer rettferdig og respektfullt overfor innbyggjarar og samarbeidsaktørar i alle situasjonar
- Medverke til å utvikle eit ope og inkluderande politi som byggjer tillit og gode relasjonar til alle delar av befolkninga
- Sikre at lokale og nasjonale føringar, strategiar og handlingsplanar innan fagfeltet vert følgde opp i politidistriktet
- Halde foredrag, orienteringar og bidra i møteverksemd internt i politiet og eksternt mot samarbeidspartnarar og innbyggjarar
- Ha god kjennskap til andre etatar, institusjonar og organisasjonar si moglegheit til å bidra med førebyggande verksemd
- Delta i nasjonale faglege nettverk og samarbeidsfora innan mangfalds-, dialog- og førebyggingsfeltet
- Andre oppgåver etter pålegg av overordna
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Vitnemål frå Politiskulen/politihøgskulen
- Tilfredsstille kompetansekrava for pb3 og ha minst 5 års relevant erfaring frå eitt eller fleire av følgjande fagfelt:
- førebygging
- risikovurdering
- etterretning
- etterforsking
- Brei politifagleg erfaring
- God innsikt og forståing for det førebyggande tankesettet, samt politiets sitt samfunnsoppdrag, rolle og organisering
- Kjennskap til nasjonale føringar, prioriteringar i politidistriktet og relevante tiltak som støttar politiet sitt arbeid innan førebygging og mangfald
- Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner på norsk og engelsk
- Vere IP-4 godkjend, eller villig til å bli det
- God kjennskap til og erfaring med bruk av politiet sine ulike datasystem
- Kandidaten må kunne sikkerhetsklarerast for HEMMELIG
Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju.
Ønskjelege kvalifikasjonar:
- Utdanning innan mangfaldskompetanse og kulturforståing vert tillagt vekt
- God kunnskap om risikohandtering vert tillagt vekt
- Relevant vidareutdanning innan stillinga sine fagområde vert tillagt vekt
- Erfaring frå strategisk utviklingsarbeid og/eller innovasjon er ein fordel
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som er trygg, moden og har høg integritet, og som evnar å handtere komplekse og krevjande problemstillingar på ein profesjonell og tillitvekkjande måte.
- Du har svært gode samarbeidsevner og evnar å arbeide konstruktivt i team, samstundes som du kan arbeide sjølvstendig og ta ansvar for eigne vurderingar og avgjerder.
- Du bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø, der ein har kultur for å løfte kvarandre og gjere teamet betre
- Du er analytisk, strukturert og metodebevisst, med god evne til å gjere heilskaplege vurderingar av risiko, truslar og førebyggande tiltak.
- Du har høg relasjonskompetanse, er trygg i dialog med menneske i sårbare, krevjande eller konfliktfylte situasjonar, og evnar å byggje tillit både internt i organisasjonen og eksternt mot innbyggjarar og samarbeidspartar.
- Du er robust og handlekraftig, med evne til å stå i krevjande saker over tid og handtere press, prioriteringar og endra rammevilkår på ein god måte.
Du er utviklingsorientert og læringsvillig, med evne til å ta i bruk ny kunnskap, metodar og arbeidsformer i tråd med nasjonale føringar og fagutvikling.
Som medarbeidar i politiet er du modig og heilskapsorientert, viser respekt og er tett på. Du er ein god ambassadør for politiet gjennom haldningar, åtferd og handlingar i det daglege arbeidet.
Dette kan vi tilby om du vel oss
Du vil bli ein del av eit godt arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar med variert bakgrunn. Vi har stort fokus på kontinuerleg fag- og metodeutvikling,med stor takhøgd og ein god tilbakemeldingskultur
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma politiet i framtida
- Stillinga som politioverbetjent stillingskode 0287 vert lønna frå kr 790 000,-. Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no
- Bedriftshelseteneste
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer duDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 465292127
- Sist endret

