Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bergen
Bilde fra arbeidsgiver

Seniorkonsulent Statens Barnehus

Vest politidistrikt

  • Frist 14.06.2026
  • Ansettelsesform Fast

Bli med i Statens Barnehus Bergen som seniorkonsulent!

Om stillinga

Ønsker du å bli del av eit sterkt fagmiljø som har eit viktig samfunnsoppdrag? Nå har Statens Barnehus Bergen ledig ei fast stilling som seniorkonsulent. Du blir del av teamet "Drift og koordinering" med hovudvekt på tekniske, administrative og digitale oppgåver.

Statens Barnehus Bergen og avdeling Førde består for tida av 19 tilsette . Gjennom aktiv samhandling skal vi sørgja for tryggleik, god helse og rettstryggleik for overgrepsutsette barn og vaksne med utviklingshemming. Barnehusene har i 2024 fått utvida mandat og tilbodet skal inkludera unge mistenkte for seksuallovbrot. Vi er eit tverretatleg samarbeidstiltak som formidlar kunnskap innan feltet og fremjar samarbeid med andre instansar. Hos oss får du vere ein del av ein utfordrande og spennande arbeidsplass der kompetanse og evne til samarbeid og god kommunikasjon blir høgt verdsett. Statens Barnehus er ein del av Felles eining for førebygging i Vest Politidistrikt. Det blir arbeidd på tvers av alle fagmiljø i politiet som arbeider med utsette barn og unge, samt med relevante fagmiljø som jobbar med overgrepsutsette barn og vaksne med utviklingshemming.

 Stillinga har fast arbeidsstad i Bergen. Noko reising og arbeid ved Statens Barnehus Bergen si avdeling i Førde må påreknast.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og ivareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.

Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter ein strukturert, serviceinnstilt og trygg medarbeidar som trivst med varierte arbeidsoppgåver i eit fagleg krevjande og meiningsfullt arbeidsmiljø. Du har god administrativ og teknisk forståing, arbeider sjølvstendig og tek ansvar for at oppgåver blir løyste på ein nøyaktig og profesjonell måte.
 

Du har evne til å planleggje og koordinere aktivitetar i samarbeid med fleire aktørar, og du er komfortabel med bruk av digitale verktøy, teknisk utstyr og videoløysingar. Du møter både kollegaer, barn og samarbeidspartnarar med respekt, ro og god situasjonsforståing, også i sensitive og krevjande situasjonar.

Vi har eigne produksjonslokale for digital kompetansedeling, og vi søkjer deg som har kompetanse og engasjement for digital kommunikasjon.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegga og administrera tilrettelagtde avhøyr i samarbeide med koordinator i politiet 
  • Ansvarleg for videoopptak av avhøyr (lyd/bilde), samt koble opp og styre videokonferanser 
  • Digital utvikling og produksjon
  • Teknisk bistand i den daglege drifta 
  • Koordinere, innkalle og leggje til rette for møter 
  • Betene sentralbord og resepsjon - om naudsynt vere vikar i avdeling Førde for begrensa tidsrom 
  • Bidra i utviklinga av administrative system og digitalisering av saksgangen 
  • Merkantile oppgåver som ekspedisjon, journalføring, arkiv og handtering av post 
  • Forefallande arbeid knytt til drift av Barnehuset, herunder praktiske oppgåver som innkjøp og tilrettelegging rundt  mottak av barn og samarbeidspartnere 
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • 3-års utdanning på høgskole- eller universitetsnivå 
  • Relevant erfaring blir vektlagt og kan i særlege høve (minimum 5 år)  erstatte kravet til utdanning 
  • God munnleg og skriftleg framføring på norsk og engelsk 
  • God teknisk forståing
  • God IT- og systemkompetanse

Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.  Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju.

Det er også ønskjeleg med:

  • Erfaring med digital kommunikasjon
  • Erfaring med handtering/bruk av audiovisuelt utstyr 
  • Relevant kontorfagleg kunnskap 
  • Kunnskap om arbeid innan politi, barnevern eller helse 
  • Erfaring i møter med barn og andre sårbare brukarar

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i gruppe 
  • Strukturert, fleksibel og løysingsorientert
  • Gode kommunikasjon og samarbeidsevner 
  • Vere ein positiv bidragsytar til å skape trivsel og eit godt arbeidsmiljø 
  • Serviceinnstilt, fleksibel og initiativrik
  • Interesse for digital formidling og utvikling 

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her (https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/).

Dette kan vi tilby om du vel oss

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere ein del av samfunnsoppdraget som politiet forvalter
  • Stillinga vert lønna som seniorkonsulent SKO 1363 med årslønn frå  kr. 620 000,- .Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no (https://www.spk.no) 
  • Gode arbeidsvilkår ( fleksibel arbeidstid, sommartid, trening i arbeidstida, o.l) 

Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten ). 

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Ferdigheter
AI-generert

  • Betjene sentralbord
  • Digitalisering av arbeidsprosesser
  • Merkantile oppgaver
  • Teknisk IT kompetanse
  • Vedlikehold av teknisk utstyr

Om arbeidsgiveren

Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.

Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.

 

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Allehelgens gate 4, 5016 Bergen
  • Bransje: Offentlig administrasjon, Politi og sikkerhet
  • Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Kontorarbeid, Resepsjon
Vest politidistrikt logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Spørsmål om CV/ søknad
  • Stillingstittel: Seksjon for HR
Send melding
  • Kontaktperson: Kristin Konglevoll
  • Stillingstittel: Leiar Statens Barnehus Bergen
  • Mobil: 93 25 56 84
Send SMS
  • Bli kjent med Vest politidistrikt
  • Flere stillinger fra Vest politidistrikt

5356 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Politiet logo

Politiet

Ett politi for alle
  • MedarbeiderplattformFirkant med pil som peker oppover mot høyre
  • HjemmesideFirkant med pil som peker oppover mot høyre
Jobb i politiet

Firmaets beliggenhet

Allehelgens gate 4, 5016 Bergen

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 465287398
  • Sist endret 29.5.2026, 15:18
Rapporter annonse