Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Vaksdal

Kantor / kyrkjemusikar

Vaksdal kyrkjelege fellesråd

  • Frist 26.06.2026
  • Ansettelsesform Fast

Kantor / kyrkjemusikar

Vaksdal kyrkjelege fellesråd dekkjer seks sokn og sju kyrkjer i ein vakker kommune mellom Bergen og Voss. Med E16 og Bergensbanen rett gjennom kommunen har vi rask kommunikasjon til begge byar, og vi nyt godt av både by- og bygdekultur. Naturen varierer frå høgfjell og dalar til djupe fjordlandskap – og kommunen har eit rikt organisasjonsliv med musikk, idrett og frivillige lag.

Kyrkjene er utstyrte med gode instrument. Mellom anna finn du Jehmlich-orgel og Yamaha C3-flygel (2001) på både Vaksdal og Dale.

Om stillinga

Vi søkjer ein engasjert og musikalsk person til eit eittårig fast stilling som kantor/kyrkjemusikar i 50 % stilling.

Desse to stillingane kan kombinerast for den rette søkjaren – søknad til kulturskulestillinga vert send til Vaksdal kommune i ein eigen prosess.


Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og gjennomføre gudstenester og kyrkjelege handlingar, i samarbeid med prest og stab
  • Spele akkompagnement og leie eventuelt korarbeid og konsertverksemd
  • Bidra til eit breitt og variert musikalsk uttrykk i gudstenester og anna kyrkjeleg verksemd
  • Utvikle song- og musikklivet i sokna
  • Spele på andaktar ved institusjonar
  • Noko møteverksemd og administrativt arbeid

Kvalifikasjonar

  • Utdanning i samsvar med tenesteordninga for kantorar. Søkjarar med anna relevant kompetanse, realkompetanse eller kyrkjemusikalsk utdanning vert òg vurdert
  • Meistring av kyrkjeorgel og/eller piano
  • Erfaring med akkompagnement
  • Banderfaring er ynskjeleg
  • Dirigenterfaring frå barne- og ungdomskor er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som er strukturert og sjølvstendig, og som trivst med å samarbeide – både med fast tilsette og frivillige. Du er ryddig, kreativ og løysingsorientert, og du har gode kommunikasjonsevner. Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.

Arbeidsstad og vilkår

  • Kontorstad: Kyrkjekontoret på Dale. Tenestested: alle seks sokn i Vaksdal
  • Næraste overordna: kyrkjeverja
  • Arbeidstid: fleksibel; kvelds- og helgearbeid må påreknast
  • Løn: etter kyrkjeleg tariff og kvalifikasjonar
  • Pensjon: KLP med 2 % innskot av brutto løn
  • Krav: Førarkort klasse B og disponibel bil
  • Krav: Medlemskap i Den norske kyrkja og politiattest
  • Tilsetjing skjer i samsvar med lov, reglement og tariff. Søkjar må vera budd på eventuelle endringar i kommunestrukturen.

Søknad og kontakt

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med Kyrkjeverje Bjart-Magnus Rosvold tlf 97 69 75 62. e-post br233@kyrkja.no

Eventuelt send søknad med CV og relevante attestar til Vaksdal kyrkjelege fellesråd, pb 113, 5721 Dalekvam

Ferdigheter
AI-generert

  • Kirkemusikk
  • Norsk
  • Pipeorgel
  • Ubegrenset førerkort kategori C

Om arbeidsgiveren

    
  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Fabrikkvegen 3, 5722 Dalekvam
  • Bransje: Kirke og menighet
  • Stillingsfunksjon: Annet
  • Arbeidsspråk: Norsk

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Bjart-Magnus Rosvold
  • Stillingstittel: Kyrkjeverje
  • Mobil: 97 69 75 62
Send meldingSend SMS
  • Kontaktperson: Elisabeth Verpelstad
  • Stillingstittel: None
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Vaksdal kyrkjelege fellesråd

197 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Fabrikkvegen 3, 5722 Dalekvam

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 465286551
  • Sist endret 29.5.2026, 15:33
Rapporter annonse