Her er du

FINN/Jobb/Søk/Rogaland/Bokn

Spennande stilling i ein kommune i vekst

Bokn kommune Teknisk

  • Frist 15.6.2026
  • Ansettelsesform Fast

Bokn kommune søkjer ein dyktig og engasjert driftsteknikar til vårt driftsteam. Seksjon teknisk i Bokn kommune har 12 tilsette innan drift, vedlikehald og reinhald. Stillinga går inn i eit team av tre driftsteknikarar. Dei tilsette jobbar sjølvstendig og engasjert. Som driftsteknikar vil du ha ei sentral rolle i å sikre at våre tekniske anlegg fungerer optimalt. Du vil bidra til vedlikehald, reparasjonar og effektiv drift av kommunen sine bygg og infrastrukturen, inkludert vegar, uteområde, vassverket samt leidningsnett for vatn og avløp.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Utføre rutinemessig vedlikehald og reparasjonar på kommunale bygg og tekniske anlegg

  • Identifisere og løyse tekniske problem

  • Samarbeide med eksterne leverandørar og entreprenørar

  • Følgje opp og rapportere om vedlikehaldsarbeid og tilstandsvurderingar

  • Delta i vaktordning og beredskapstenester

 

Kompetanse og erfaring:

  • Relevant fagbrev innan rørlegging, automatikk, bygg- og anlegg, byggdrift, mekanikk, kjemi og prosess

  • Norsk er arbeidsspråk og må beherskast munnleg og skriftleg

  • Prosessforståing, ønskelig med driftsoperatørkus vassverk

  • Førarkort klasse B, ønskjeleg med BE og T

  • Anna relevant erfaring kan vege opp for formell utdanning

  • Kunnskap om å bruke tidsriktig IKT, eksempelvis SD-anlegg, LAFT, ARX, office

  • Kommunal erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav

Det er forventa at du er open for opplæring og å setje deg inn i nye fagfelt.

Stillinga inngår i ei vaktordning og i vaktvekene må du kunna vera på Bokn innan ein time.

 

Personlege eigenskapar:

Vi ser etter deg som er sjølvstendig, moderne og engasjert. Du må kunne jobbe både sjølvstendig og i team, og vere serviceinnstilt og løysingsorientert. Vi set pris på at du interesserer deg for moderne løysingar og samtidig kan verdsette tradisjonelle metodar. Vi søker ein person som er over gjennomsnittet fleksibel, god til å planleggje arbeidsdagen sin og jobbe strukturert. Det er viktig at du trivst i eit travelt arbeidsmiljø og kan ha god dialog med både innbyggjarar og samarbeidspartnarar.

 

Vi tilbyr:

  • Ei spanande og utfordrande stilling med varierte arbeidsoppgåver i eit positivt arbeidsmiljø

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

  • Moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving

  • Fleksibel arbeidstid

  • Jobbtelefon, Ipad, PC

Link til søknadsskjema: Søk her

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Boknatunvegen 37, 5561 Bokn

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 465284862
  • Sist endret 29.5.2026, 14:50
Rapporter annonse