Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bergen

Overingeniør / Senioringeniør

Universitetet i Bergen

  • Frist 12.06.2026
  • Ansettelsesform Fast

Interiørarkitekt - Eigedomsavdelinga, Universitetet i Bergen

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Om stillinga:

Vil du vere med og forme framtidas lærings- og arbeidsmiljø ved Universitetet i Bergen? Hos oss får du jobbe i hjartet av ein historisk campus - samstundes som du bidreg til å utvikle moderne, fleksible og berekraftige rom for studentar og tilsette.

Eigedomsavdelinga forvaltar, driftar og vedlikeheld om lag 95 bygg med eit samla areal på 390 000 m², inkludert 102 000 m² innleigde areal. Bygningsmassen spenner frå historiske bygg til moderne undervisnings- og laboratoriebygg, og om lag ein tredel av bygga er freda eller verna. Avdelinga har rundt 100 tilsette og er delt i seksjonane Drift, Prosjekt, Fagstøtte og stab, og Større satsingar.

Prosjektseksjonen har ansvar for administrativ gjennomføring av byggeprosjekt, rehabilitering, vedlikehald, interiør og arealforvaltning. Du vil bli en del av interiørgruppa vår, og jobbe tett saman med dei andre interiørarkitektane, vår egen gjenbrukskoordinator, byggeprosjektleiarane, tett på brukarene og tett på resultata.

UiB har stort fokus på å skape attraktive, sosiale og inspirerande læringsareal som gjer at studentane har lyst til å være på campus, i tråd med «Sticky Campus»-prinsippet.

Berekraft og sirkulær økonomi er og ein del av kvardagen. Vi er godt i gang, og ønskjer no å styrke kompetansen og engasjementet i avdelinga, mellom anna innan ombruk og redesign.

Arbeidsoppgåver:

I rolla som interiørarkitekt vil du ha ei sentral rolle i å utvikle gode romopplevingar ved UiB. Arbeids- og ansvarsområde er mellom anna å:

  • Leie og gjennomføre interiørprosjekt, inkludert koordinering av utførande
  • Utforme inspirerande og funksjonelle læringsmiljø og gode arbeidsmiljø
  • Gjennomføre val av materiale, møblar, fargar, lys og akustiske løysingar
  • Integrere ombruk og redesign i prosjekta, i tråd med berekraftstrategien til UiB
  • Teikne og visualisere i AutoCAD/Revit (eller tilsvarande)
  • Jobbe tett i dialog med brukarar, prosjektleiarar, drift og leverandørar • Ivareta universell utforming, HMS og kvalitet i alle løysingar
  • Delta i lett, praktisk arbeid for å sikre god flyt i møbelombruk

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar - dette må du ha:

  • Utdanning som interiørarkitekt (bachelor/master eller tilsvarande) Lang og relevant erfaring kombinert med etter- og vidareutdanning kan i særskilde høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Kunnskap om og interesse for sirkulær økonomi og ombruk/redesign
  • God evne til å samarbeide og handtere fleire prosjekt samtidig
  • Gode kommunikasjonsevner og flytande norsk, skriftleg og munnleg

Det er ein fordel om du også har:

  • Erfaring med prosjektleiing i interiør- og byggeprosjekt
  • Erfaring med programmering, brukerprosesser og tidligfase
  • Kjennskap til universell utforming, og offentlege byggjeprosessar og anskaffingar
  • Erfaring med digitale visualiserings- og prosjekteringsverktøy, som til dømes AutoCAD og Adobe-pakken (Illustrator, Photoshop osv.)
  • God forståing for farge- og materialbruk
  • Evne og vilje til å bidra i lett møbelrelatert arbeid på ombrukslager vårt for møbler

Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:

  • Jobbar sjølvstendig, men trivst med å samarbeide med andre
  • Er målretta og får ting gjort
  • Tek initiativ, tenkjer kreativt og finn gode løysingar
  • Har lyst til å utvikle deg fagleg og bidra i spennande oppdrag
  • Har eit ekte engasjement for berekraft og søkjer å finne sirkulære løysningar
  • Er praktisk orientert og ikkje redd for å «ta i eit tak»
  • Etterlever verdiane våre: redeligheit, respekt, samhandling og openheit

Legg ved søknaden:
Legg ved døme på 2-5 eigne arbeid (maksimalt tre sider per prosjekt) og skildre rolla di i det aktuelle prosjektet.

Vi tilbyr:

  • Ei fagleg interessant rolle med stor variasjon i oppgåver
  • Prosjekt av ulik storleik og kompleksitet, tett på universitetet si verksemd
  • Eit erfarent og tverrfagleg prosjektmiljø
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) i årsløn kr. 642 000 - 710 000, eller senioringeniør (kode 1181) i årsløn kr 722 000 - 800
  • 000 etter kvalifikasjoner. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)

Her kan du lese om Eigedomsavdelinga som arbeidsplass: https://www.uib.no/eia/96627/eiendomsavdelingen-som-arbeidsplass

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:  Gruppeleiar Interiør, Anette Mjørlaug Spord, anette.spord@uib.no tlf 97068423, Seksjonsleiar Prosjektseksjonen, margrethe.storheim@uib.no Margrethe Aven Storheim, Tlf 92241966.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll, og dette regelverket kan bli relevant ved behandling av søknader til stillinga.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).

Ferdigheter
AI-generert

  • Autodesk Revit
  • Environment, Health and Safety (EHS)
  • Interiørarkitektur

Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om eiendomsavdelinga her.

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Nygårdsgaten 5, 5015 Bergen
  • Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
  • Stillingsfunksjon: Interiørarkitekt
Universitetet i Bergen logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Ingen kontakperson oppgitt
  • Bli kjent med Universitetet i Bergen
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Universitetet i Bergen

1435 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Nygårdsgaten 5, 5015 Bergen

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 465272855
  • Sist endret 29.5.2026, 12:44
Rapporter annonse