Her er du

FINN/Jobb/Søk/Rogaland/Suldal

Bli ein del av Kraftlaget i barnehage og skule

Suldal kommune Overordna oppvekst

  • Frist 14.6.2026
  • Ansettelsesform Vikariat

Me ønskjer deg som set borna i fokus.  

Om oss:  

Oppvekstsektoren i Suldal består av barnehagar og skular, kvar med sine kvalitetar - frå mindre barnehagar og skular, oppvekstsenter og til større einingar med over 80 barnehageplassar og over 250 elevar. Me jobbar saman mot målet:  

«Alle barn og unge i Suldal skal kvar dag oppleva meistring i eit inkluderande og trygt oppvekstmiljø som fremjar livslang læring»  

Som fagarbeidar hos oss jobbar du tett på borna, kollegaene og lokalsamfunnet. Du ser raskt verknaden av arbeidet ditt, og du er med på å påverka kvardagen til barn og unge i Suldal.  

Er du klar? Me treng deg!  

Me har behov på følgande einingar:

Kjølvikstølen barnehage 200% vikariat

Marvik skule inntil 90% vikariat

Jelsa oppvekstsenter inntil 80% vikariat

  

Kven ser me etter?  

  • Du har godkjent utdanning som barne og ungdomsarbeidar. Personar med andre kvalifikasjonar kan søkje og blir vurderte.

  • Du planlegg og gjennomfører aktivitetar i samarbeid med kolleger som vekker nysgjerrigheit, motivasjon, utvikling og læring hos borna.  

  • Du bidreg til eit inkluderande og støttande miljø. Du jobbar for at alle born blir sett og får støtte til å utvikla seg.  

  • Du er god på å variere metodar og er løysingsorientert, slik at ulike behov blir møtt.  

  • Du samarbeider godt med kollegaer, føresette og andre.  

  • Du er engasjert i borna sin kvardag og deltek aktivt i eininga sine faglege og sosiale aktivitetar. Du tenker at saman skapar me eit positivt miljø.  

Kraftlaget – kva får du hos oss?  

Arbeidsmiljø  

Velferdsutvalet arrangerer fast sommarfest, kom-i-form-konkurransar, og fjellturar. Dei arrangerer og andre samlingar innimellom, og du kan då blant anna bli med på middag, kurs, kino eller foredrag.  

Dette er frivillige aktivitetar, men gir gode moglegheiter for å bli kjent med kollegaer i heile Kraftlaget.  

Fleksibilitet og kvardagsliv  

Me gir ekstra lønnstillegg til pedagogar og prøver å vere fleksible for tilsette med faste arbeidsplanar, særleg ved behov knytt til familie og livssituasjon.  

Utviklingsmoglegheiter  

Me har ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving, både internt og gjennom regionale fagnettverk.  

Bu i Suldal  

Dersom du bur i Suldal kan du få sletta deler av studielånet ditt. Du kan og prøvebu i ein av våre nye rekrutteringsbustadar.  

Hjå oss i Suldal kommune får du:  

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø  

  • Engasjerte og dyktige kollegaer  

  • Bedriftshelseteneste  

  • Gode løns- og tilsetjingsvilkår over tariff  

  • Nynorsk som administrasjonsspråk  

  • Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette  

Andre opplysningar:  

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju  

  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar  

  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa  

  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste  

 

Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg! 


Link til søknadsskjema: Søk her

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Eidsvegen 7, 4230 Sand

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 465248898
  • Sist endret 29.5.2026, 08:04
Rapporter annonse