Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bergen

Direktør for HMSK- og berekraft

Fjord1 AS

  • Frist 17.6.2026
  • Ansettelsesform Fast

Fjord1

Om du kan tenke deg ei sentral stilling i eit innovativt selskap med høge ambisjonar om å lukkast i det grøne skiftet, kan det vere akkurat deg vi søker til stillinga som

Direktør for HMSK- og berekraft

Som direktør for HMSK- og berekraft i Fjord1 er du øvste leiar for sikkerheitsarbeidet i selskapet. Du skal leie HMSK-avdelinga, med ansvar for å forvalte og vidareutvikle sikkerheitsstyringssystemet, og sikre gode rutinar og ein kultur med fokus på tryggleik på alle nivå i organisasjonen.

Rolla som direktør for HMSK- og berekraft er strategisk viktig for å førebygge, avdekke, greie ut og handtere eventuelle uønskte hendingar. Vi arbeider målretta for å nå målet vårt om ein proaktiv sikkerheitskultur, og ønskjer ein leiar som har fokus på menneske og kulturbygging. Du skal vere rådgjevar, rettleie og sikre tilstrekkeleg kompetanse innan HMSK blant tilsette i selskapet. Vi ønskjer òg at du deltek i viktige forum og interesseorganisasjonar, og representerer Fjord1 overfor styresmaktene og oppdragsgjevarar.

Som direktør for HMSK- og berekraft skal du leie det strategiske arbeidet innan klima, miljø og samfunnsansvar. Rolla inneber ansvar for å sikre at rederiet utviklar og driv verksemda i tråd med nasjonale og internasjonale krav, samtidig som berekraft vert integrert som ein konkurransefaktor. Du vil vere ansvarleg for selskapet sin plan for klimaomstilling og berekraftsrapportering.

Stillinga rapporterer til administrerande direktør og inngår i konsernleiinga. HMSK-avdelinga består av fire erfarne, dyktige og sjølvstendige tilsette innan fagområda nautikk, styringssystem, revisjon og berekraft.

Vi ser etter deg som har relevant høgare utdanning og arbeidserfaring frå HMSK-arbeid i ein større organisasjon. Du må ha leiarerfaring, gjerne frå operativ drift. Det er ein fordel med erfaring frå maritim verksemd som til dømes rederi, verft eller olje- og gassnæringa, men dette er ikkje eit absolutt krav.

Som person har du eit sterkt engasjement for HMSK-faget og evnar å formidle dette til menneska rundt deg. Du må vere tydeleg, men samtidig folkeleg og ha gode kommunikasjonsevner. Du er kommersiell, ambisiøs og sjølvstendig. Vi forventar at du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne både på norsk og engelsk.

Stillinga som direktør for HMSK- og berekraft er sjølvstendig og utfordrande, og du vil ha gode moglegheiter til å påverke innhaldet i rolla. Du vil vere ein pådrivar for ein betre sikkerheitskultur både om bord og på land, og bli ein del av eit engasjert og godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer. Vi kan tilby konkurransedyktige vilkår og fleksible arbeidsordningar.

Kontorstad etter nærare avtale.

Ved spørsmål, ta kontakt med ein av rådgjevarane våre hos Grow Competence Consulting, Finn Sværen (95 00 44 45) eller Per Arne Johnsen (93 440 440). Kortfatta søknad med CV sender du snarast, og seinast innan 17. juni 2026. Alle førespurnader vert handsama konfidensielt inntil anna er avtalt.

Ferdigheter

  • Implementere sikkerhetsstyringssystemer
  • Miljørapportering

Om arbeidsgiveren

Fjord1 har si kjerneverksemd innan ferjetransport og er det leiande ferjeselskapet i Noreg. Selskapet har og aktivitet knytt til hurtigbåt, i tillegg til vårt eige cateringkonsept Ferdamat. Vi har som mål å vere den tryggaste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg og påliteleg transport til kundar, oppdragsgjevarar og samarbeidspartnarar.

Fjord1 investerer også i lav- og nullutsleppsteknologi, og vi satsar på elektrifisering av det norske fjordsambandet. Samtidig tar vi på alvor det viktige ansvaret vi har som leverandør av kritisk infrastruktur til Kyst-Noreg.

Selskapet opererer ein flåte beståande av 77 fartøy, har 1200 tilsette og omsette i 2025 for 3,9 mrd. kr.

Fjord1 er eigd av DIF Capital Partners, EDF Invest og KLP. Eigardelen er fordelt ved at DIF Capital Partners eig 40,05 prosent av aksjane, EDF Invest eig 40,05 prosent, og KLP eig resterande 19,90 prosent av aksjane.

  • Sektor: Privat
  • Sted: Vestland, 5006 Bergen
  • Bransje: Maritim og offshore, Restaurant, mat og uteliv, Transport og logistikk
  • Stillingsfunksjon: HMS, Ledelse
  • Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk

Nøkkelord

hmsk, bærekraft, sikkerhet, ledelse, bærekraftsrapportering

(1/5)

  • Bilde 1 av 5 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 2 av 5 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 3 av 5 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 4 av 5 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 5 av 5 i jobbannonse-galleriet
Fjord1 AS logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Finn Sværen
  • Stillingstittel: Partner GCC
  • Mobil: 95 00 44 45
Send SMS
  • Kontaktperson: Per Arne Johnsen
  • Stillingstittel: Partner GCC
  • Mobil: 93 44 04 40
Send SMS
  • Bli kjent med Fjord1 AS
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Fjord1 AS

325 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Vestland, 5006 Bergen

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 465228217
  • Sist endret 29.5.2026, 12:06
Rapporter annonse