Psykologspesialist
Helse Fonna HF
- Frist 11.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Psykologspesialist
Me søkjer psykologspesialist!
Avdeling for Rus og Avhengighet/Tverrfagleg spesialisert rusbehandling er eit felt det satses på, og du vil ha ei viktig rolle i vidareutvikling av tenestene våre).
Me har engasjerte medarbeiderar som er tverrfagleg samansatt, du vil bli kollega med legar, psykologar og høgskuleutdanna behandlerar. Me har lokasjonar i Kopervik og Haugesund, og samarbeidar på tvers av einingar innad i avdelinga. Arbeidsoppgåvene vil i hovedsak bli delt mellom TSB poliklinikk og LAR poliklinikk Karmøy/Haugesund, med fortrinnsvis faste dagar på kvar stad.
Ved interesse for forsking kan ein få moglegheit til å delta i forskningsrelaterte aktivitetar, inkludert artikkelskriving.
Det er fleire moglegheiter for å fullføra spesialistoppgåve innanfor pågåande forsking og det kan drøftast moglegheiter for å søka midlar til PhD innanfor potensielt aktuelle prosjekt.
👉 Ta gjerne kontakt ved spørsmål knytta til stillinga, og velkommen som søkjar hjå oss!
Kva går jobben ut på?
- Utgreiing, diagnostisering og behandling.
- Deltakelse i tverrfaglig team.
- Samarbeid rundt pasientar, internt og eksternt.
- Rettleiing og undervisning, internt og eksternt.
- Kontinuerleg fagleg oppdatering, inklusive nasjonale faglege retningsliner, rettleiarar mm.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Psykologspesialist med norsk autorisasjon.
- Erfaring innan rusmiddelavhengigheit er ønskjelig, men ikkje eit krav.
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- er oppteken av faget og det beste for pasientane
- samarbeider godt
- er god på formidling av kunnskap både muntleg og skriftleg
- arbeidar strukturert og sjølvstendig
- er kreativ, nytenkjande og pragmatisk
Personleg presentasjon, CV og referanser blir vektlagd i rekrutteringsprosessen.
Vi tilbyr
- Lønn og spesialistpermisjon jfr. avtale mellom NPF og Helse Fonna, HF.
- Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift).
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Ein fleksibel arbeidsplass med fleksitid.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Klinisk psykologi
- Norsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Asaldalvegen 1, 4250 Kopervik
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
psykologspesialist
Annonseinformasjon
- FINN-kode 465185961
- Sist endret
