Her er du

FINN/Jobb/Søk/Møre og Romsdal/Volda
Bilde fra arbeidsgiver

Overlege/spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdommar

Helse Møre og Romsdal HF

  • Frist 10.06.2026
  • Ansettelsesform Fast

Overlege/spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdommar

Volda sjukehus søker ein dyktig spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdommar. Vi ønsker ein allsidig spesialist med gode samarbeidsevner. Vi tilbyr ein aktiv og variert arbeidsdag i eit sterkt og triveleg fagmiljø.

Vi har rundt 500 fødslar i året, i låg- til moderat risikogruppe. Vi har ikkje barneavdeling, men det er knytt barnelege til barselavdelinga. Anestesiseksjonen har ansvar for akuttsituasjonar med nyfødde. Innan gynekologi dekker vi utgreiing, behandling og operasjonar av alle vanlege gynekologiske tilstandar. Vi har eit tett og godt fagleg samarbeid med resten av sjukehuset lokalt, og med kvinneklinikken i Ålesund.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss for meir informasjon!


Arbeidsoppgåver

  • Du vil få spennande faglege oppgåver knytte til føde, barsel, poliklinikk, dagkirurgi, operasjon og sengepost. For tida er det 5-delt heimevakt
  • Du vil medverke til å utvikle fagområdet på sjukehuset
  • Du vil vere ein pådrivar og inspirator i arbeidet med å utvikle tilbodet vårt
  • Du har evne til å leie og arbeide godt i team
  • Du deltek i og legg til rette for spesialistutdanning for LIS3

Kvalifikasjonar

  • Du har norsk autorisasjon som lege, og norsk spesialistgodkjenning i Fødselshjelp og kvinnesykdommer
  • Du meistrar godt norsk/skandinavisk språk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er fagleg dyktig og engasjert
  • Du kommuniserer på ein måte som skaper tillit blant pasientar og kollegaer
  • Du trivst med ein aktiv og arbeidskrevande kvardag
  • Du vil medvirke aktivt til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er fleksibel og bidrar der din kompetanse trengs

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Dyktige, nytenkande, hyggelege og engasjerte kollegaer
  • Hjelp til å skaffe bolig

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.

Ferdigheter
AI-generert

  • Fødselshjelp
  • Gynekologi
  • Nordisk spåk
  • Obstetrikk og gynekologi

Om arbeidsgiveren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Kløvertunvegen 1, 6103 Volda
  • Bransje: Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Overlege
  • Arbeidsspråk: Norsk
Helse Møre og Romsdal HF logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Vilde Lund Osdal
  • Stillingstittel: Seksjonsleiar
Send melding
  • Bli kjent med Helse Møre og Romsdal HF
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Helse Møre og Romsdal HF

278 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Helse Møre Og Romsdal Hf logo

Helse Møre Og Romsdal Hf

På lag med deg for helsa di!
  • HjemmesideFirkant med pil som peker oppover mot høyre
  • LinkedInFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Kløvertunvegen 1, 6103 Volda

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 465085607
  • Sist endret 27.5.2026, 14:39
Rapporter annonse