Her er du

FINN/Jobb/Søk/Rogaland/Klepp

Teiknspråklærar/lærar med teiknspråkompetanse-Orstad læringssenter

Klepp kommune, Orstad skule

  • Frist 11.6.2026
  • Ansettelsesform Fast

Teiknspråklærar/lærar med teiknspråkkompetanse - Orstad læringssenter

Orstad læringssenter har ledig stilling som teiknspråklærar / lærar med teiknspråkkompetanse frå 01.08.2026.

Orstad skule er en 1-10 skole med læringssenter som er lokalisert like ved Kverneland og Klepp stasjon. Det er totalt ca 320 elever og 65 ansatte. Skulen ligg i flotte omgjevnadar like ved flotte turområde slik som Kalbergskogen og Frøylandsvatnet. Orstad læringssenter har no 13 elevar frå 1.-10.trinn med særskilde behov. Elevgruppa består av elevar med store samansette funksjonsnedsettingar, elevar med autismespekterforstyrrelse og elevar med ulike diagnosar.  Personalet er samansett av miljøarbeidarar, miljøveiledare og pedagogar.

Skulen er oppteken av å utvikle eit inkluderande fellesskap som fremjer helse, trivsel og læring for alle. Me er opptekne av at alle elevane og dei tilsette skal ha eit trygt og godt lærings - og arbeidsmiljø. 

Skulen sin visjonen er "Ein trygg stad å vera, ein god stad å læra", og verdiane våre er å vere godt fagleg førebudd, ha eit trygt, ope og positivt læringsfellesskap, klare mål og forventningar til elevane og tydelege vaksne.

Ikkje vent til fristen med å søkje, me kjem til å invitera inn aktuelle søkarar fortløpande til intervju. Velkommen til ein spennande arbeidsplass!


Arbeidsoppgåver

  • vere kontaktlærar for 1 - 2 elever
  • Delta og samarbeide i fleirfaglige team
  • Bruk av digitale hjelpemiddel, teiknspråk og ASK i undervisning
  • Planleggja og gjennomføra eit tilrettelagt, variert og inkluderande undervisning med vekt på å utvikla den faglege og sosiale kompetansen til elevane
  • Sikre ein trygg, inkluderande og god skulehvardag for elevane

Kvalifikasjonar

  • Du har formell undervisningskompetanse og erfaring frå grunnskolen, 1.-7. trinn / barnehagelærar
  • Undervise etter § 3-4 i teiknspråkopplæring og følgje opp eleven sin teiknspråkutvikling
  • Pedagogisk utdanning i teiknspråk / godkjent kurs i teiknspråk
  • Du har god forståing og kjennskap til  læreplanverket
  • Du har god kunnskap i norsk både munnleg og skriftleg
  • Kompetanse vedr forebygging og handtering av utfordrande åtferd
  • Kjennskap til alternative kommunikasjonsformer - og hjelpemiddel
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

I tråd med opplæringslova er tilfredstillande politiattest ei forutsetning før tilsetting.

Attestar og vitnemål

Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksom på at dokumentasjon på blant annet avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller syke også kan gi uttelling på lønnsansiennitet.

Personlege eigenskapar

  • Du vert motivert av å gjere ein forskjell for elevane

    Du er raus og positiv og har genuin interesse for arbeid med barn av nedsatt funskjonsevne
    Du er god til å samarbeide med både elevar, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
    Du er fagleg oppdatert og trivst med utviklingsarbeid
    Du er løysningsorientert, fleksibel og sjølvstendig
    Du har godt humør 

Vi tilbyr

  • ein spanande, krevande og viktig jobb i eit energisk og positivt arbeidsmiljø
  • gode muligheter for fagleg og personleg utvikling

Klepp kommune har diverse velferdsordninger og gode pensjons - og forsikringsordninger. Ansettelse skjer for øvrig på de vilkår og med de plikter som fremgår av utlysning, og de til en hver tid gjeldende lover, reglement og tariffavtaler. Lønn i henhold til lokal lønnspolitikk.

 

Kontaktinformasjon

Lise Mauland, Avdelingsleder, 46764004, lise.mauland@klepp.kommune.no

Randi Harveland, rektor, +47 41292877

Arbeidsstad

Skogvegen 26

4353 Klepp Stasjon

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune


Referansenr.: 5136716657

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 11.06.2026

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Skogvegen 26, 4353 Klepp stasjon

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 465081166
  • Sist endret 27.5.2026, 14:15
Rapporter annonse