Kulturskulelærar visuell kunst
Kultur og fritid, Stranda kommune
- Frist 14.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Stranda kulturskule søkjer ein kreativ og engasjert lærar i visuell kunst i ei 8 % fast stilling frå 10.08.2026. Vi ser etter deg som kan skape eit trygt og spennande læringsmiljø der elevane får utforske ulike teknikkar, materialar og uttrykksformer.
Arbeidsstad og oppmøtestad er kulturskulen sine lokale i Stranda sentrum.
Aktuelle søkjarar kan/ vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Vitnemål og attestar skal scannast inn som vedlegg til søknaden. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.
Arbeidsoppgåver
·- Undervisning i bildekunst/visuelle kunstfag for elevar i grunnskulealder.
- Planlegging og gjennomføring av undervisning i tråd med rammeplanen for kulturskulen.
- Bidra til utstillingar og tverrfaglege prosjekt i regi av kulturskulen.
- Samarbeid med kollegaer, føresette og andre aktørar i lokalmiljøet
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning innan visuell kunst (biletkunst, design, kunst og handverk). Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
- Pedagogisk kompetanse (PPU eller tilsvarande) er ønskjeleg
- Erfaring med undervisning av barn og unge
- Gode kommunikasjonsevner på norsk.
- Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Du er ein tydeleg og inspirerande formidlar.
- Du er sjølvstendig, strukturert og har gode samarbeidsevner.
- Du har evna til å sjå den enkelte eleven og tilpasse undervisninga etter meistringsnivå.
- Du er utviklingsorientert og ønskjer å bidra til eit levande kulturskulemiljø.
Vi tilbyr
- Ein kreativ arbeidsplass med engasjerte kollegaer
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk.
Kontaktinformasjon
Evgenii Zhukov, Konst. fagleiar kulturArbeidsstad
Allmenningen6200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 5133138674
Stillingsprosent: 8%
Fast
Startdato: 10.08.2026
Søknadsfrist: 14.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 465047291
- Sist endret

