Fagarbeider i Tilrettelagte tenester
Øystre Slidre kommune
- Frist 14.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Ynskjer du deg ein jobb med meining og varierte arbeidsdagar i eit godt fagmiljø? Tilrettelagte tenester yter tenester til menneske med ulike bistandsbehov i alle aldrar. Arbeidet er svært allsidig, og kan inkludere mellom anna bistand til dagleglivets gjeremål, veiledning i skule, barnehage og heimar, samt avlastning for born og ungdom.
Vi er godt i gang med innovasjonsprosjektet TØRN, som er eit læringsnettverk spesielt retta inn mot denne type teneste. Vi er derfor inne i ei spennande tid, med mål om å utvikle tenesta til det beste for tenestemottakarar og tilsette. Med andre ord er dette ei god muligheit til å vere med på ein spennande prosess!
I samanheng med denne utviklingsprosessen har vi ledig 1 fast 100% stilling, som eit ledd i å auke kapasiteten og fleksibiliteten i tenesta.
Vi søkjer difor deg som er fleksibel, som ønskjer å jobbe med heile spekteret av oppgåver, alle tenesteformer og alle type brukarar.
Oppstart i stillinga er så snart som mogleg og etter avtale.
Det kan bli fleire ledige stillingar i Tilrettelagte tenester, både faste helgestillingar og vikariat opptil 100%. Skriv gjerne i søknadsteksten om du også er interessert i andre stillingar.
Intervju er planlagt til torsdag 18.06.26.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid i bustad for menneske med utviklingshemning og ulike bistandsbehov og funksjonsvariasjonar
- Arbeid i avlastningsbustad for born og unge
- Ambulerande virksomheit, herunder veiledning av familiar og andre instansar
- Utøve målretta miljøarbeid
- Hjelpe og veilede tenestemottakarar i daglege gjeremål og vere med på fritidsaktivitetar
- Medikamenthandtering
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som helsefagarbeider eller annan relevant fagutdanning
- God kjennskap til målretta miljøarbeid og evne til å arbeide målretta etter tiltak
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Du må ha førarkort for bil
- Godkjent politiattest må framleggast før du startar
Personlege eigenskapar
- Du må vere etisk reflektert, møte alle med respekt og ha brukaren sin sjølvråderett i fokus
- Evne til å jobbe sjølvstendig og i team, ta initiativ, vere løysningsorientert og lærevillig
- Positiv, ansvarsbevisst og ha gode samarbeidsevne
- Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
- Du må vere fleksibel, og kunne arbeide i alle deler av tenesta
Vi tilbyr
- Stor moglegheit for å vere med på å utvikle arbeidsplassen og innhaldet i stillinga
- Eit godt arbeidsmiljø med mange fagleg dyktige tilsette
- Ein arbeidsgjevar som ønskjer å satse på deg dersom du ønskjer fagleg utvikling og påfyll
- Nødvendig opplæring og rettleiing
- God pensjonsordning
- Lønnsuttelling for relevant vidareutdanning
Kontaktinformasjon
Maren Hvitmyhr, Avdelingsleiar Tilrettelagte tenester, +47 90074703Arbeidsstad
Brennebakkin 32940 Heggenes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 5133739976
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464990737
- Sist endret


