Her er du

FINN/Jobb/Søk/Oslo/Sentrum
Bilde fra arbeidsgiver

Jurist til vikariat i Trafikksikkerhetsseksjonen (førstekonsulent/rådgjevar)

Samferdselsdepartementet

  • Frist 10.06.2026
  • Ansettelsesform Vikariat

Er du interessert i vegtrafikk og yrkestransport? Vi søkjer

Om Trafikksikkerhetsseksjonen

Trafikksikkerhetsseksjonen har ansvaret for departementet sitt arbeid med trafikktryggleik på veg, og forvalting og utvikling av vegtrafikklovgivinga og regelverket for yrkestransport. Dette er eit breitt og mangearta område, med stor merksemd politisk og frå nærings- og interesseorganisasjonar, media og publikum. 

Forvalting og utvikling av vegtrafikklovgivinga og regelverket for yrkestransport inneber ansvar for eit mangfald av dagsaktuelle område som til dømes trafikkreglar, fartsgrenser, førarkort, el-sparkesyklar og selvkøyrande køyretøy, drosje, transportberedskap og gods- og persontransport. Seksjonen har utstrekt samarbeid med andre departement og etatar, og stort omfang av EØS-arbeid. 

Seksjonen er ein av tre seksjonar i Veg-, by og trafikktryggleiksavdelinga, og består no av 14 medarbeiderar i tillegg til seksjonsleiar.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver

Vi søkjer ein allsidig og lærevillig jurist til eit vikariat ut juni 2028. Du vil arbeide med eit breitt spekter av seksjonen sine oppgåver som:

  • lov- og forskriftsarbeid innan vegtrafikk- og yrkestransportområdet 
  • sakshandsaming av enkeltsaker og klagesaker 
  • utgreiingsarbeid, arbeid med regelverksutvikling og anna endringsarbeid nasjonalt og internasjonalt
  • dialog og samarbeid med gods- og persontransportnæringa, andre departement og etatar og forvalting på fylkeskommunalt og kommunalt nivå
  • fagleg rettleiing og råd til politisk leiing innanfor ansvarsområda til seksjonen 

Det er og aktuelt å bidra inn i andre oppgåver i seksjonen, og stillinga gir gode moglegheiter til fagleg utvikling. Stillinga kan innebere noko reising.

Kvalifikasjonar

Du må ha: 

  • master i rettsvitskap 
  • kjennskap til relevant lovverk som forvaltningslova og offentleglova 
  • interesse for samferdselssektoren og politiske avgjerdsprosessar 
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne, og du må meistre norsk, nynorsk og engelsk

Det er ønskjeleg, men ikke eit krav, at du har: 

  • erfaring frå lov- og forskriftsarbeid og/eller utgreiingsarbeid
  • relevant erfaring, gjerne frå offentleg forvaltning
  • kjennskap til vegtrafikk, og/eller yrkestransportområdet

Du må kunne jobbe sjølvstendig, ha god gjennomføringsevne og evne til å sette deg raskt inn i nye problemstillingar. Du må samstundes vere løysingsorientert og arbeide godt saman med andre. Vi håpar at du trivst med ein kvardag som til tider kan vere prega av høgt tempo og korte fristar.

Vi legg og vekt på at du har god rolle- og samfunnsforståing og interesse for departementet sine arbeidsområde og politiske prosessar.

Vi tilbyr

  • Arbeid med utfordrande, interessante og dagsaktuelle saker i ein sektor som er viktig for folk i heile landet.
  • Eit sterkt fagmiljø med engasjerte og hyggelege kollegaer. Vi legg vekt på å gi ansvar og tillit, men også rettleiing og støtte i eit godt arbeidsfellesskap.
  • Program for nytilsette med kurs og aktivitetar i løpet av det første året som tilsett.
  • Varierte faglege og sosiale tilbod.
  • Trivelege lokale i sentrum av Oslo med subsidiert kantine.
  • 5 vekers ferie, betalt overtid, fleksitidsordning og sommartid. Det er mogleg å trene i arbeidstida med tilgang til treningsrom og treningstilbod. 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med gunstig bustadlån og gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir her: Statens pensjonskasse.

For å lese meir om Samferdselsdepartementet og korleis det er å jobbe hos oss, sjå her: Slik er det hos oss! - regjeringen.no

Stillinga er lønna som førstekonsulent/rådgjevar i lønnsspennet frå kr. 550 000 - 710 000,-. Nyutdanna kan søkje. Det krevst 2-3 års relevant erfaring for innplassering som rådgjevar. 

Les dette før du søkjer

  • Vi ber om at du legg ved vitnemål og relevante attestar. Vitnemål frå norske utdanningsstader bør bli lasta opp frå Vitnemålsportalen. Utenlandske vitnemål må verte godkjend av direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK dir)
  • Det vil bli gjennomført bakgrunnssjekk på kandidaten som blir tilsett i stillinga.
  • Den som blir tilsett må kunne bli autorisert for tilgang til informasjon gradert BEGRENSA etter sikkerhetslova.
  • Offentleg søkjarliste vil foreligge etter søknadsfristen er ute. I samsvar med offentleglova §25 kan det gjerast unntak for opplysningar om søkjar frå offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om det. Den som ønskjer å reservere seg mot å stå på offentleg søkjarliste, må grunngje dette. Ved eventuelt avslag, vil søkjar bli kontakta før offentleggjering og få tilbod om å trekkje søknaden.
  • Samferdselsdepartementet meiner at inkludering og mangfald er ei styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv, og oppmodar alle kandidatar med nødvendige kvalifikasjonar til å søkje. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.
  • Vi oppmodar søkjarar til å krysse av om dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju. Avkryssingane dannar også grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer om i sine årsrapportar.

Ferdigheter
AI-generert

  • Juss
  • Kjennskap til forvaltningslova
  • Offentlig administrasjon og forvaltning
  • Offentlighetsloven
  • Saksbehandle søknader
  • Veitrafikklover
  • Veitransportlovgivning

Om arbeidsgiveren

Samferdselsdepartementet er regjeringa sitt utøvande organ for politikkutforming, forvalting, etatsstyring og eigarstyring innanfor transportsektoren.

Samferdselsdepartementet skal bidra til effektive, tilgjengelege, sikre og miljøvennlege løysingar som dekkjer samfunnet sitt behov for transport og fremjer regional utvikling.

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Akersgata 59 (R5), Oslo, 0030 Oslo
  • Bransje: Offentlig administrasjon
  • Stillingsfunksjon: Jurist, Saksbehandler
Samferdselsdepartementet logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Anne Berit Stavseth
  • Stillingstittel: Avdelingsdirektør
  • Mobil: 99 01 80 20
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med Samferdselsdepartementet
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Samferdselsdepartementet

471 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Samferdselsdepartementet logo

Samferdselsdepartementet

  • Bli kjent med ossFirkant med pil som peker oppover mot høyre
Les om stillingen

Firmaets beliggenhet

Akersgata 59 (R5), Oslo, 0030 Oslo

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 464984949
  • Sist endret 26.5.2026, 15:20
Rapporter annonse