Vaken nattevakt i 72,13 % - svangerskapsvikariat
Bufetat
- Frist 09.06.2026
- Ansettelsesform Vikariat
På jobb for dei aller mest sårbare i samfunnet!
Om stillinga og arbeidsstaden
Ved Skjoldvegen barnevernsenter, avdeling Fyllingsdalen, har vi no ledig ei mellombels stilling som vaken nattevakt i 72,13 % stilling. Stillinga er ledig omgåande. Vi oppmodar kvinner til å søkje på grunn av personalsamansetninga. Ved avdelinga arbeidar ein for tida etter langturnus med 1 vaken nattevakt. Vikariatet kan bli forlenga.
Arbeidsoppgåver
Miljøterapi i ein omsorgsinstitusjon
Til oss kjem barn og ungdom når omsorgssituasjonen rundt dei må styrkjast. Dei har samansette og omfattande utfordringar i sine liv. Dette kan vera knytt til psykisk helse, rusproblematikk, ustabile relasjonar, mangel på tillit til system og normbrytande åtferd. Dei kan også ha erfaringar med vald, traume og ustabile buforhold med fleire tidlegare flyttingar.
Målet vårt er å bidra til at ungdommane tek gode val som leiar til varig positiv endring i sine liv.
- Stillinga som vaken nattevakt inneber eit ansvar for målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebevisst omsorg, senteret sine retningslinjer og faglege rettleiarar.
- Stillinga krev høg grad av sjølvstendig arbeid.
- Nattevaktane arbeider sjølvstendig og i team med miljøterapeutane som er kvilande nattevaktar i langturnus.
- Nattevaktane har og ein del praktiske, huslege oppgåver og vedlikehald i og rundt avdelinga i løpet av vaktane.
- Nattevaktane deltek på, og har ansvar for, overlapping ved vaktskifte, rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon.
- Nattevaktane deltek i fagmøte og rettleiing.
- Den vakne nattevakten har særleg ansvar for å skape og bistå ungdommane med å finne ro og tryggleik på natta.
Som ansatt ved Skjoldvegen forpliktar du deg til å delta på obligatorisk opplæring som Tryggleik og sikkerheit, opplæring i fagmodellen tilknyttet avdelinga og anna opplæring som vert krevd til stillinga.
Kva bakgrunn har du?
- Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng.
- Søkjarar med anna relevant bachelorgrad, som til dømes innan sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, kan og vurderast.
- Kandidatar utan 3-årig bachelorgrad, men med relevant erfaring kan vurderast.
- Krav om god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
- God fysisk og psykisk helse til å jobbe natt.
- Krav om førarkort for personbil kl. B.
- Det vil vere ein stor fordel om du har erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
- Det er ønskeleg med kunnskap om traumebevisst omsorg og Målstyrt miljøterapi.
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer deg som er ein trygg, tydeleg og tillitvekkande vaksen med godt humør, som likar å arbeide med og for ungdom.
- Du rommar ungdomane og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeider aktivt for å skape forståing og endring, samt ivareta ungdomane sine behov og rettar best mogleg.
Kva får du hos oss?
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 - 640 000 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, eller 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr 540 000 - 690 000 pr. år.
- Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 580 000 - 690 000 pr.år.
- For søkarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeidar, p.t. kr 420 000 - 530 000, 1203 fagarbeidar, p.t. kr 440 400 - 540 000 pr år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460 000 - 560 000.
- Lønn og stillingskode blir vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå løna vert det trekt 2 % pensjonsinnskudd.
Opplysningar til deg som søkjar
- Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
- Stillinga er for tida lagd til Skjoldvegen barnevernsenter avd. Fyllingsdalen.
- Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast med søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
- Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok.
- Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Kva skal søknaden din innehalde?
For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og laste opp vitnemåla og attestane dine. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.
Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.
Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ber også om at du legg inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.
FerdigheterAI-generert
- Dokumentasjonsverktøy
- Helse og sosialfag
- Institusjoner innen barne- og ungdomsvern
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.
I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.
Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg.
Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Vestlundvegen 22 A, 5145 Fyllingsdalen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464979834
- Sist endret


