Stipendiatstilling ved Det juridiske fakultet (3 eller 4 år)
Universitetet i Bergen
- Frist 1.8.2026
- Ansettelsesform Vikariat
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiatVed Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen er det ledig ei stipendiatstilling.
Stillinga er tematisk open. Kandidaten står fritt til å utvikle eigne idear innanfor ramma av strategiplanen for Det juridiske fakultet 2023-2030.
Ønska oppstart er så tidleg som mogleg.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Du må ha mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande juridisk utdanning. Det er ein føresetnad at du har levert masteroppgåva innan søknadsfristen, og at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Du må gjennom karakternivå og/eller skriftlege arbeid ha vist eit høgt fagleg nivå, som kvalifiserer for rettsvitskapleg arbeid.
- Du må ha gode ferdigheiter i engelsk.
- Du må ha god kjennskap til det norske rettssystemet, og det er ein føremon at du meistrar norsk eller eit anna skandinavisk språk.
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert.
- Du må ha gode samarbeidsevner og evne til å bidra til utvikling av fagmiljøet.
Om stipendiatstillinga:
Du skal arbeide med og levere ei doktoravhandling (artikkelbasert eller monografi).
Normal åremålsperiode for stillinga er tre år med moglegheit for utviding inntil eitt år. Avgjerda om utvida tid, som skal nyttast til anna karrierefremmande arbeid som mellom anna undervisning og arbeid i tilknyting til forskingsprosjekt, skal vurderast særskilt etter søkarens kvalifikasjonar. Avgjerda treffast innan seks månader etter tilsetting.
Undervisning skal kunne gjennomførast innanfor dei obligatoriske emna i masterstudiet i rettsvitskap ved UiB. Undervisningsspråket på fakultetet er til vanleg norsk.
Som stipendiat skal du delta i fakultetets obligatoriske utdanningsprogram for ph.d.-graden innanfor ei tidsramme på tre år. Utdanningsprogrammet gjennomførast normalt på engelsk, og gode ferdigheiter i engelsk er ein føresetnad for deltaking i programmet. Du kan lese om kravet for opptak på fakultetet sitt ph.d.-program her.
Fakultetet utnemner rettleiar for kandidaten ved tilsetjing og opptak på ph.d.-programmet.
Søknaden skal innehalde:
- Ei prosjektomtale på mellom 7 og10 sider inkludert litteraturliste. Ho skal innehalde ei utgreiing om temaet og ein plan for gjennomføringa av prosjektet og forskarutdanninga. Prosjektskildringa skal følgje dei krava til innhald som står i rettleiing til søkjarar til stipendiatstilling.
- Eit søknadsbrev med ei kort utgreiing om forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søkje stillinga (fyllast ut i søknadsportalen).
- CV (fyllast ut i søknadsportalen).
- Kopiar av karakterutskrifter og vitnemål for mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert, samt relevante attestar.
- Full versjon av masteravhandlinga. Den må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, med mindre anna er avtalt.
- Eventuelle vitskaplege arbeid og liste over desse (publikasjonsliste). Publikasjonar utover mastergraden er ikkje eit krav.
- Det er ein føremon om søkjaren legg ved namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør fortrinnsvis vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva/doktoravhandlinga.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemåla, karakter-utskriftene og anna dokumentasjonen ikkje er på eit av disse språka. Det må også leggjast ved eit Diploma Supplement med standardisert omtale av oppbygging, nivå, struktur, innhald og status av utdanninga til søkjaren. Søkjarar med utdanning frå utanfor Skandinavia, vil få si utdanning evaluert med utgangspunkt i HK-dir. sine retningslinjer for godkjenning av utanlandsk utdanning.
Søkjarar med anna morsmål enn norsk (eller eit anna skandinavisk språk) må òg leggje ved attest eller anna relevant dokumentasjon som viser at dei har språkkunnskapen som krevjast for stillinga.
Søknaden og prosjektomtalen kan skrivast på engelsk, norsk eller eit anna skandinavisk språk. All dokumentasjon må vere lagd ved søknaden. Søknad og vedlegg må lastast opp i JobbNorge via lenkje på denne sida merka «Søk stillingen».
Søknaden skal vere komplett innan søknadsfristen. Søknader som ikkje inkluderer alle obligatoriske vedlegg vil ikkje bli vurdert.
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
- Stilling som stipendiat (kode 1017) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr. 593 700. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Vurderinga av søkjarane vil leggje vekt på kvaliteten på prosjektomtalen.Vurderinga vil òg leggje vekt på søkjaren sine faglege og personlege føresetnadar for å gjennomføre ph.d.-programmet og bidra til fagmiljøet ved fakultetet. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju.
Nærare informasjon om tilsettingsprosessen ved Universitetet i Bergen finn du her.
- Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Visedekan for organisasjon og innovasjon, Miriam Skag: Miriam.Skag@uib.no
- Utfyllande informasjon om rekrutteringsprosessen og tilsetjingsvilkår kan ein få ved å vende seg til HR ved fakultetet: hrjur@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Annonseinformasjon
- FINN-kode 464950664
- Sist endret




